Programvarebibliotek
Programvarebibliotek er ei samling funksjonar, objekt, konstantar, makroar og så vidare. Føremonen med å plassera kode i eit bibliotek et fleire:
- fleire program kan nytta same kode
- berre ein kopi av koden i biblioteket vert lasta inn i RAM-minne. noko som sparar plass
- om det vert oppdaga feil i koden er det nok å retta feile ein plass
- oppdatering skjer ved å lasta ned siste versjon av dei ulike biblioteka
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a7/Libs_dia.png/220px-Libs_dia.png)
Kompliserte program som operativsystem, nettlesarar, teksthandsamarar og så vidare nyttar kode frå mange forskjellige programvarebibliotek. Biblioteka vert pakka på forskjellig vis avhengig av operativsystemet. Det er viktig å nytta rett versjon av dei ulike biblioteket. Om ein nyttar feil versjon kan programmet krasja.
Statiske biliotek
endreStatiske bibliotek er ei samling funksjonar, objekt, datastrukturar som vert lagt inn i objektfila når programmet vert linka.
Dynamiske bibliotek
endreObjekt og klassebibliotek
endreNår ein programmerer i høgnivåspråk, som til dømes C++ og Java, nyttar ein eit klassebibliotek, som til dømes Qt, som inneheld ferdige objekt]]. Slike bibliotek inneheld ferdige objekt for funksjonalitet som dei fleste brukarprogram treng, som å skriva og lesa data til/frå filer, høgniva grafikkfunksjonar, etc. Programmeraren slepp då å bruka tid på å skriva kode for slike ting. Den største innsparinga kjem ofte av at klassebiblioteka inneheld objekt for å laga brukargrensesnitt.