Anatolij Firsov

Versjonen frå 9. november 2019 kl. 14:45 av F.bendik (diskusjon | bidrag) (Boks)

Anatolij Vasiljevitj Firsov 1. februar 194124. juli 2000 var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva. Han var verdsmeister med Sovjetunionen åtte år i rad, 1964-71, og olympisk gullmedaljør i 1964, 1968 og 1972.

Anatolij Firsov

Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 1. februar 1941
Moskva
Død

24. juli 2000 (59 år)
Firsanovka

Yrke ishockeyspelar, politikar
Språk russisk
Høgd 175 centimeter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Anatolij Firsov på Commons

Firsov var venstreveng i det sovjetiske ishockeylandslaget frå 1962 til 1972. Han spelte 166 kampar og skåra 134 mål for Sovjetunionen. Firsov toppa poengskåren i fire ulike verdsmeisterskap.

Frå 1958 til -61 spelte Firsov på Spartak Moskva. Sidan var han aktiv i 13 sesongar i CSKA Moskva, eit lag han vann ni sovjetmeisterskap med. Han la opp i 1974 etter 474 klubbkampar og 344 skåringar.

Kjelder