Biologisk systematikk
Innan biologi er systematikk brukt om det å dela inn organismar i grupper. Faget vert òg omtalt som taksonomi etter takson, nemninga for ei einskild gruppe. Ein har gjort forsøk på å laga slike klassifiseringar av livsformer sidan Aristoteles grunnla biologifaget.
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/53/Baer_embryos.png/300px-Baer_embryos.png)
Dagens systematikk er basert på hypotesar om evolusjonært slektskap mellom ulike organismegrupper, med eit formverk frå Carl von Linné sitt hierarkiske system frå 1700-talet. Dette systemet plasserer alle levande ting i artar som høyrer til i slekter. Denne blir vidare sett inn i familie, orden, klasse, rekke (vert òg omtalt som fylum eller divisjon), rike og domene. Det finst òg fleire underinndelingar, for betre å kunne skildra nyansar.
Artsbestemminga og den vidare inndelinga byggjer oftast på utsjånaden og oppbygginga til organismen, og blei først og fremst utvikla som eit middel til å skildra og identifisera artar. Den nye utviklinga av genetikken og DNA-analyse har ført til at ein har måtta omklassifisera mange artar og grupper ut frå påvist slektskap.
Inndeling frå toppen
endreMenneska har alltid vore ivrige etter å dela verda inn i kategoriar. Ofte vel dei å gjera det ved hjelp av særskilde trekk mange vesen har felles. Desse inndelingane er lette å forstå og gjera, men vil som regel støyta på problem undervegs.
Det første kjende forsøket på å klassifisera livsformer stod den greske filosofen Aristoteles bak. Han delte livet i to delar, plante- og dyreriket. Vidare kategoriserte han dyra ut frå kvar dei hovudsakleg heldt til (i lufta, på jorda eller i vatnet), og ut frå om dei til dømes hadde blod eller ikkje, la egg eller fødde levande avkom, og så vidare.
Sveitsiske Conrad Gessner, som levde på 1500-talet, gjorde eit grunnleggjande arbeid for zoologien med verket Historia animalium, der han skildra dei fleste kjende dyr.
Inndeling frå botnen
endrePå 1600-talet gjorde den engelske naturforskaren John Ray opprør mot enten/eller-systema som tok utgangspunkt i allereie fastsette førestillingar. I staden valde han å klassifisera plantar ut frå skilnader og likskapar han fann fram til ved å observera dei. Dette var eit viktig steg mot den moderne taksonomoien.
Carl von Linné blei fødd i 1707, to år etter at John Ray døydde, og følgde mykje av den same tankegangen. Systematikken hans delte òg verda i rike – mineral-, plante- og dyreriket – men han innførte som noko nytt eit todelt namn for kvar art. Slike vitskaplege namn, ofte kalla latinske namn fordi ein hovudsakleg bruker latinske ord og endingar for å skildra vesena, blir framleis brukt til å gje eintydige namn på artar.
Inndeling etter slektskap
endreI dag strevar biologisk systematikk etter å avdekkja slektskapen mellom organismane. Dette vert fastsett både ved morfologiske analysar, det vil seie klassisk samanlikning av skilnadar og ulikskapar, og med DNA-sekvensering. Etter den tyske entomologen Willi Hennig er det vorte vanleg å organisera ulike artar eller organismegrupper i evolusjonstre ut frå kva tid dei ulike artane sprang ut or felles stamartar.
Denne evolusjonsbaserte forma for systematikk har ført til store omrokkeringar i Linné sitt system, sjølv om einingane derfrå framleis vert nytta i stor grad. Ein skil i dag mellom kunstige (parafyletiske eller polyfyletiske grupper) og naturlege (monofyletiske) grupper ut frå om alle etterkommarane av ein felles stamart er med i ho.
Oversikt over grupper i biologisk systematikk
endreKjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Artenes oppfinnelse på forskning.no Arkivert 2005-11-26 ved Wayback Machine.
Biologi |
---|
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | abiogenese | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi |