Fransk Vest-Afrika

Fransk Vest-Afrika (fransk Afrique occidentale française, forkorta AOF) var ein føderasjon av åtte franske territorium i Afrika: Mauritania, Senegal, Fransk Sudan, Fransk Guinea, Elfenbeinskysten, Niger, Øvre Volta og Dahomey.

██ Fransk Vest-Afrika

Føderasjonen vart opphavleg danna i 1895 og bestod då berre av Senegal, Fransk Sudan, Fransk Guinea og Elfenbenskysten. Han vart gjort permanent i 1904 med guvernørsete fyrst i byen Saint-Louis, deretter i Dakar. Begge byane ligg i Senegal, den eldste franske besittelsen. Føderasjonen opphøyrde etter folkerøystinga i september 1958.

Kjelder

endre