Han-kinesarar
Han-kinesarar viser til ei etnisk gruppe frå Kina som etter dei fleste moderne definisjonar er den største folkegruppa i verda – nesten ein femtedel av menneska i verda. Ho er majoritetsgruppa i Folkerepublikken Kina (92 %) og Taiwan (98 %) og Singapore (75 %).
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b1/Modern_Han_Chinese_in_Ming_Attire.jpg/220px-Modern_Han_Chinese_in_Ming_Attire.jpg)
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/38/Han_Dynasty_100_BCE_%28Chinese%29.png/220px-Han_Dynasty_100_BCE_%28Chinese%29.png)
Ein nyttar uttrykket for å skilja majoriteten av kinesarar frå dei mange mindre etniske gruppene som finst i Kina. Namnet kjem frå Han-dynastiet som herska over dei delane av Kina som er kjerneområdet til han-kinesarane. Ofte nyttar ein nemningane «kinesarar» og «han-kinesarar» om einannan, men i Kina vert dette oppfatta som svært feil sidan det ikkje tek omsyn til dei 55 etniske minoritetane i landet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Han-kinesere» frå Wikipedia på bokmål, og «Han Chinese» frå Wikipedia på engelsk den 10. september 2009.