Holger
mannsnamn
Holger er eit mannsnamn med opphav i det norrøne Holmgeirr, som er sett saman av holmr, 'holme', og geirr, 'spyd'. Holmger er ei eldre dansk og svensk form av namnet. Holkeri er den finske forma.
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ec/Holger_Danske_i_Sk%C3%A6vinge_kirke.jpg/220px-Holger_Danske_i_Sk%C3%A6vinge_kirke.jpg)
Holger har namnedag den 30. mars i Noreg og Sverige. Namnet er kjend frå soga om Holger Danske.
I Tyskland var Holger mykje brukt som døypenamn i perioden ca 1940–1980.
Namneberarar
endre- Holger Danske, dansk sogehelt
- Holger Sinding (1804 - 1870), norsk stortingsmann
- Holger Hansen (f. 1929), dansk politikar og minister
- Holger Czukay (f. 1938), tysk musikar
- Holger Koefoed (f. 1945), norsk kunsthistorikar
- Holger Hott (f. 1974), norsk orienteringsløpar
- Holger Badstuber (f. 1989), tysk fotballspelar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Holger» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2009.