Kromosom
Eit kromosom er eit kompleks av omslått og organisert kromatin inni celler, og er samansett av DNA, protein og RNA.[1][2] Det informasjonsbringande makromolekylet er sett saman av dobbelstrenga DNA og inneheld gen, regulatoriske element og anna ikkje-kodande DNA (søppel-DNA). Dei DNA-bundne makromolekyla er protein og dei bidreg til å pakke inn og regulere DNA. Kromosom er veldig varierande i ulike artar, og somme har plasmid eller anna ekstrakromosomalt DNA attåt.
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0b/Chromosome.svg/220px-Chromosome.svg.png)
Samanpressing av dei dupliserte (doble) kromosoma ved mitose og meiose kan skapa ein firearma struktur (sjå bilete til høgre) viss sentromeren ligg midt på kromosomet; toarma viss den ligg nær ein av endane.[3] Kromosomal rekombinasjon under meiose spelar ei viktig rolle for det genetiske mangfaldet,[4] men strukturane kan feilkombinerast i høve av til dømes kromosomal instabilitet eller kromosomal translokasjon og føra til sjukdom.[5] Dette kan drive cella inn i mitotisk katastrofe og resulterande død. Viss cella likevel unngår apoptose kan det stundom føra til progresjon av kreft.
Sjå òg
endre- Genetikk og gen
- X-kromosom og Y-kromosom
- Organell (Kromosom er samansett av DNA og nokre få protein, mellom anna kromatin, og finst inni cellekjernen. Merk at cellekjernen er ein organell; kromosomet er ikkje det.)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chromosome» frå Wikipedia på engelsk, den 25. november 2014, men har norske kjelder.
- ↑ «Kromosomer, DNA og gener». Gensidene (Universitetet i Bergen, UiB). 2014. Arkivert frå originalen 28. august 2006. Henta 25. november 2014.
- ↑ Bøhle, Kristin. «Kromosomer, DNA og gener». NDLA.no (Nasjonal digital læringsarena). Henta 25. november 2014.
- ↑ «Kromosom-armer og kromatider». Gensidene (Universitetet i Bergen, UiB). Arkivert frå originalen 22. november 2015. Henta 25. november 2014.
- ↑ Aarnes, Halvor (4. februar 2011). «Rekombinasjon og mutasjon». Institutt for biotvitenskap (Universitetet i Oslo, UiO). Henta 25. november 2014.
- ↑ «Telomerer og telomerase ved aldring og ved enkelte sykdommer» (PDF). Tese (Norges arktiske universitet). 2007. Henta 25. november 2014.