Lars Bohinen

norsk fotballspelar

Lars Roar Bohinen (fødd 8. september 1969 i Vadsø) er ein norsk fotballtrenar og -spelar har vore. Bohinen deltok åra 1989-99 i 49 landskampar for Noreg og skåra 10 landslagsmål. Han spelte i samtlege av Noreg sine kampar i fotball-VM i 1994. Bohinen var vekselvis midtbane- og vengspelar.

Lars Bohinen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. september 1969 (54 år)
Vadsø kommune
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1994

Klubbspel

endre

Bohinen spelte seniorfotball for 11 ulike klubbar. I Noreg var han innom Bærum, Lyn, Vålerenga (to periodar), Viking og Lillestrøm. Han spelte også for ei rekke klubbar i utlandet – fyrst for sveitsiske Young Boys Bern, seinare for dei engelske klubbane Nottingham Forest, Blackburn og Derby, og til slutt i dei danske klubbane Lyngby FC (no Lyngby Boldklub) og Farum. Han avslutta karrieren i Vålerenga i 2003.

Landslagsspel

endre

Bohinen fekk sin landslagsdebut som innbyttar 25. oktober 1989 i ein bortekamp mot Kuwait. Han vert særleg hugsa for skåringa som sikra Noreg sigeren 2-0 over England i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion 2. juni 1993. Under VM i fotball 1994 i USA tok Bohinen del i alle Noregs tre kampar, i den siste var han innbyttar. I 1995 valde han å boikotte privatlandskampen mot Frankrike i protest mot franske prøvesprengingane i Stillehavet. Etter 1996 fekk Bohinen berre 2 landskampar, og han fekk ikkje plass i troppa til VM i fotball 1998. Avskjeden med landslaget kom som innbyttar 27. mars 1999 i Aten, ein kamp som enda med norsk siger 2-0.

Merittar

endre
  • Tredjeplass i den engelske ligaen: 1995 med Blackburn Rovers

Klubbkampar

endre
Klubb Kampar* Mål* Periode
  Bærum 2 0 1986
  Lyn 20 3 1987
  Vålerenga 33 5 1988-1989
  Viking 10 0 1990
  Young Boys 58 6 1990-1993
  Lillestrøm (lån) 19 1 1993
  Nottingham Forest 64 7 1993-1995
  Blackburn 58 7 1995-1998
  Derby 56 1 1998-2001
  Lyngby 26 0 2001-2002
  Farum 2 0 2002
  Vålerenga 6 1 2003

* Berre seriekampar.

Bohinen har vore trenar for ei rad fotballag, sjeldan utan suksess. Han er fetter til Sigurd Rushfeldt.

Kjelder

endre