Republic P-47 Thunderbolt
Republic P-47 Thunderbolt var eit amerikansk jagarbombefly, brukt under andre verdskrigen. Det blei brukt hovudsakleg i bakkeangrep, men også i eskorteoppdrag, over tyskokkupert Frankrike, og i Stillehavet. Flyet var kjend for å vere særs solid- det tolte mange treff utan at flyet blei sett ut av spel, samtidig som det var tungt væpna, med åtte maskingevær, og fleire bomber og rakettar under kroppen og vengene.
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/31/P47.750pix.jpg/220px-P47.750pix.jpg)
Motoren var ein 18-sylindra dobbel stjernemotor.