Sentral-Asia
Sentral-Asia er den regionen i Asia som strekkjer seg frå Kaspihavet i vest til det sentrale Kina i aust, og frå Sør-Russland i nord til Nord-India i sør.
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f4/Central_Asia_Physical.jpg/220px-Central_Asia_Physical.jpg)
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/61/Location-Asia-UNsubregions.png/220px-Location-Asia-UNsubregions.png)
Det finst fleire definisjonar og ingen av dei er universelt godtekne. Trass i denne usikkerheita med omsyn til å definere grensene, har området nokre viktige generelle særtrekk. Eitt av dei er at Sentral-Asia historisk har vore nært knytt til dei nomadiske folkeslaga som held til der, og Silkevegen.
I ein moderne kontekst består Sentral-Asia av fem tidlegare sovjetrepublikkar, Kasakhstan, Kirgistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan, og vidare kan ein rekne inn Afghanistan, det nordaustlege Iran, vestlege delar av Kina, Mongolia, Jammu og Kashmir i India, dei nordlege områda av Pakistan, og sørlege delar av Sibir.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Central Asia» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2009.