Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
VELKOMMEN TIL TEMASIDA OM DEN KALDE KRIGEN
Den kalde krigen er namnet på den konstante motsetninga, rustingskappløpet og politiske spenninga mellom dei to supermaktene USA og Sovjetunionen frå ca 1947 til slutten av 1980-åra, da Mikhail Gorbatsjov som sovjetisk leiar sørgde for å avblåse «krigen». I periodar av såkalla «avspenning» før den tid, heldt opprustinga i røynda fram, på begge sider.
Uttrykket «kald krig» går på at motsetninga til tider var sterk som i ein krig, men|«kald på den måten at det faktisk ikkje blei storkrig, mellom anna truleg fordi dei to partane sine atomvåpenarsenal heldt kvarandre i sjakk (terrorbalansen). Den kalde krigen ramma likevel mange, både ved innskrenking av politisk fridom, reiserestriksjonar og stadig angst for utsletting gjennom atomkrig.
I motsetning til i Europa, blei den kalde krigen «varm» i andre delar av verda. I denne samanhengen kan nemnast som døme krigane i Korea, Algerie og Vietnam, som blei tolka inn i ei kald-krigs-ramme, sjølv om dei hadde andre årsaker. Iallfall i Algerie og Vietnam dreia det seg eigentleg mest om nasjonal frigjering frå kolonialisme og imperialisme.
Artiklane om den kalde krigen ligg under desse kategoriane:
endre
Hovudtema på Nynorsk Wikipedia
|