Hopp til innhald

Ekstremsport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 5. august 2015 kl. 21:39 av Bjarkan (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ekstremsport er idrett og fritidsaktivitet der utøvaren tør dei fysiske grensene sine og/eller utset seg for relativt stor skaderisiko. Ein må ofte visa mot og vera villig til å eksponere seg for objektive risikoar, farlige hendingar i omgjevnadene som ein har liten kontroll med gjennom eigen teknikk (til dømes snøskred). Ein viktig bakgrunn for ekstremaktivitetar er den psykiske opplevinga, såkalla adrenalin-kick, som utøvarane får i nervepirrande situasjonar.

Døme på ekstremsport er fjellklatring, fallskjermhopping (basehopping), hanggliding, paragliding, frikøyring på ski og snøbrett, motocross, terrengsykling, rullebrett, juvvandring, rafting, elvepadling, wakeboard, surfing og djupvassdykking.

Internasjonale konkurransar i ekstremsport blir mellom anna heldt gjennom X Games i USA og på EkstremsportvekoVoss i Hordaland.

«ekstremsport» i Store norske leksikon, snl.no.