Hopp til innhald

Jaakko Tallus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 26. februar 2016 kl. 22:41 av Migne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «mini|Jaakko Tallus under VInter-OL 2010 '''Jaakko Tapio Tallus''' {{fødd|23. februar|1981|Tallus}}...»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Jaakko Tallus under VInter-OL 2010

Jaakko Tapio Tallus fødd 23. februar 1981 er ein finsk tidlegare kombinertrennar frå Lieksa som i perioden 2001-07 vann eitt individuelt OL-sølv i 2002 og fem medaljar i lagtevlinga med Finland, der i mellom OL-gull i 2002 og VM-gull i 2007.

Aktiv

Tallus vart nummer to i eit verdscuprenn i Schonach 3. januar 1999, knapt 18 år gammal. Både i 2000- og 2002-sesongen kopierte han plasseringa i verdscuptevlingar, men lukkast aldri gå til topps på sigerspallen individuelt.

Derimot bidrog han til finske triumfar i lagtevlingar. Saman med Jari Mantila, Samppa Lajunen og Hannu Manninen tok han bronsen i Ski-VM 2001, vinteren etter vann den same kvartetten lagtevlinga under vinterleikane i Salt Lake City. I dei same leikane tok Tallus sølvmedalja i normalprogrammet og vart nummer fire i halvprogrammet, landsmannen Lajunen vann begge øvingane.

Både i Ski-VM 2003 i Val di Fiemme og Vinter-OL 2006 fekk Tallus og Finland bronsemedaljar i lagtevlinga. I begge dei individuelle OL-tevlingane vart han femtemann, på normalprogrammet tapte han kampen om bronsemedalja i innspurten.

I Ski-VM 2007 i Sapporo deltok Tallus saman med Anssi Koivuranta, Janne Ryynänen og Hannu Manninen på det finske laget som vann ein klar siger i lagtevlinga. Han la opp etter OL-sesongen 2010.

Kjelder