Hopp til innhald

Jarle Halsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. november 2019 kl. 11:54 av F.bendik (diskusjon | bidrag) (Boks)
Jarle Halsnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mai 1957 (67 år)
Sauda kommune
Yrke alpinist

Jarle Halsnes fødd 4. mai 1957 er ein norskfødd tidlegare alpin skirennar frå Sauda i Rogaland. Han var med i noregstoppen i tida 1975-82 og hevda seg mellom verdseliten i sesongane 1980 og 1981.

Halsnes vart noregsmeister i storslalåm i 1978 på Geilo og i 1982 på Voss. Elles sanka han fire NM-sølv og to NM-bronsar i åra 1978-81, likt fordelt på slalåm og storslalåm. Vinteren 1980 vart Halsnes tredjemann i eit verdscuprenn i storslalåm i delstaten New Hampshire i USA. Den 1. februar 1981 kom han på tredjeplass verdscuprennet i slalåm i St. Anton, einast dei legendariske skialpinistane Ingemar Stenmark frå Sverige og Phil Mahre frå USA plasserte seg framom han på sigerpallen. I Verdscupen i alpine greiner 1981/Menn enda Halsnes på 13. plass som beste nordmann.

Halsnes er utvandra til USA.

Kjelder