Hopp til innhold

Statsvitenskap

Fra Wikipedia, den frie encyklopedi


Statsvitenskap dekker områder som offentlig politikk og administrasjon, komparativ politikk, internasjonal politikk og politisk teori.

Statsvitskap er studiet av politikk og politiske prosessar. Det har ei rekkje ulike retningar, til dømes komparativ politikk, offentleg politikk, politisk åtferd, internasjonal politikk og politisk teori.

I faghistorien vert ofte klassiske forfattarar som Platon og Aristoteles, og seinare filosofar som Machiavelli, Hobbes og Locke trekt fram. I tillegg til filosofi, har statsvitskapen henta mykje inspirasjon frå statslære, sosiologi og historie. Faget har, slik vi ser det i dag, vokse fram i tradisjonen frå tysk Staatswissenschaft, franske sciences politiques og britisk og amerikansk political science.

I Noreg vart faget etablert i tida etter andre verdskrigen, og mellom anna var Frede Castberg, Jens Arup Seip og Stein Rokkan sentrale i utviklinga dei første tiåra.


Litteratur Østerud, Øyvind (2002): Statsvitenskap: Innføring i politisk analyse. Oslo: Universitetsforlaget ([1] (http://wgate.bibsys.no/gate1/SHOW?objd=020636466&lang=N))