Ævestaden

13. september, kl. 20.30, Elvatun

Ævestaden. Foto: Lamia Karic

Stanna inte 
Kursen mot solen hela vägen 
Vänd dig inte 
Låt benen gå 

Ævestaden sameinar gamle salmar og folketonar med moderne elektronisk knitring. Den svensk-norske trioen har ein fot planta i den skandinaviske tradisjonsmusikken og ein fot i det eksperimentelle og søkjande. Bandet manar fram eit spennande klanglandskap gjennom feler, lyre, munnharpe, song og elektronikk. Ævestaden sitt lydbilete er verken redd for det klare, skitne, nyskapande eller tradisjonelle. 

Trioen har trollbunde eit stadig større publikum både i inn- og utland, og har hausta lovord frå kritikarane. Dei fekk Folkelarmprisen for debutalbumet Ingen mere gråter i 2021, og tok heim nok ein pris under den svenske Manifestgalan for oppfylgjarplata Solen var bättre där i 2023. Poesifestivalen ser fram til ein konsert der tida står bitte litt stille, i bygda si storstove Elvatun. Bli med, og kjenn på musikkmagi frå Ævestaden. 

Med Kenneth Lien, Levina Storåkern og Eir Vatn Strøm. 

Vaksen kr. 350 / Student kr. 250 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
13. september, kl. 20.30

Stad:
Elvatun