Gartnaren drøymer

13. september, kl. 15.30, Gulebygningen, Fagskulen Vestland, avdeling Hjeltnes

Ole Karlsen
Ole Karlsen. Foto: privat

Har du ein hage og eit bibliotek, ja, då kan du drøyma! Med utgangspunkt i Olav H. Hauges «Hjeltnes-dikt» vil Ole Karlsen kåsera om forholdet mellom hagearbeid, dikting og draum. I kåseriet vil han òg streifa innom Hauges prosatekst om hagar og relatera teksten til Hauges syn på dikting og draum. Hagedikta til Hauge er ofte også dikt om draum, og dette vil stå særs sentralt i kåseriet. 

Ole Karlsen (f. 1954) er professor emeritus i nordisk litteraturvitenskap og ein sentral norsk poesiforskar. Karlsen har skrive ei rekkje bøker og artiklar om norsk og nordisk lyrikk. Karlsen er også ein av dei fremste Hauge-forskarane våre.  

Vaksen kr. 150 / Student kr. 100 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
13. september, kl. 15.30

Stad:
Gulebygningen, Fagskulen Vestland, avdeling Hjeltnes