Heim med Joni

13. september, kl. 22.00, Kongressen (Brakanes Hotel)

joni mitchell silketrykk av marvin halleraker
Joni Mitchell. Illustrasjon: Marvin Halleraker

Hadde eg berre ei elv så lang 
Skulle føtene fly 

Ei musikalsk hylling av den store songlyrikaren Joni Mitchell med gjendiktingar av Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland. 

Grensesprengande i tekst og tone har Joni Mitchell gjennom ei 50 år lang karriere vore ein inspirasjon og ei føregangskvinne for generasjonar av komponistar, musikarar, tekstforfattarar og musikkelskarar. Med røter i Modalen kjem ho heim til Vestlandet denne kvelden. Opplev nokre av Mitchell sine finaste songar i nynorsk språkdrakt framført av eit riktig stjernelag. 

Med Heine Bugge, Sigbjørn Apeland, Halvor Folgerø, Annlaug Børsheim, Kåre Opheim, Sjur Folgerø, Åse Britt Reme Jakobsen, og Kjersti Mjør.

Vaksen kr. 450 / Student kr. 350 

Type:
Festival

Tid:
13. september, kl. 22.00

Stad:
Kongressen, Brakanes Hotel