Før eksamen skal faglærar gi informasjon om kva hjelpemiddel du eventuelt kan bruke. Dette skal også komme fram i eksamensoppgåva. Det er ikkje tillate å bruke elektronisk utstyr som kan kommunisere med andre i eller utanfor eksamenslokalet, som til dømes smartklokke eller øyreproppar med bluetooth.