Versj. 9
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 25. mars 2022. Artikkelen endret 2 tegn fra forrige versjon.

Nynorsk Pressekontor (NPK) vart oppretta i 1969 i Oslo. Føremålet er å sende ut allsidig pressestoff på nynorsk til norske nyheitsmedier. Pressekontoret vart oppretta etter at Stortinget løyvde pengar til ei slik presseteneste for å gje avisene eit betre tilbod på nynorsk. NPK vert drive som ei sjølvstendig stifting – Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen peikar ut representantar til styret i stiftinga. NPK legg vekt på nyheiter om kultur, primærnæringar, miljø og helse. Rundt 40 norske aviser mottar meldingar frå NPK.