Versj. 13
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 15. april 2023. Artikkelen endret 4 tegn fra forrige versjon.

Nynorsk Pressekontor (NPK) er eit nyheitsbyrå med hovedoppgåve å sende ut allsidig pressestoff på nynorsk til norske nyheitsmedium.

Pressekontoret vart oppretta i 1969 etter at Stortinget løyvde pengar til ei slik presseteneste for å gje avisene eit betre tilbod på nynorsk. NPK vert drive som ei sjølvstendig stifting – Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Det har sidan 2007 hatt eit praktisk samarbeid med NTB. Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen peikar ut representantar til styret i stiftinga. NPK legg vekt på nyheiter om kultur, primærnæringar, miljø og helse. Rundt 40 norske aviser mottar meldingar frå NPK.