Versj. 37
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 20. desember 2023. Artikkelen endret 8 tegn fra forrige versjon.

Bud er ein tettstad i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 792 innbyggjarar (2023).

Bud ligg lengst sørvest på kyststrekninga Hustadvika, ytst på halvøya mellom Hustadvika og Harøyfjorden. Bud er eit viktig fiskevær, på same måte som Harøysundet 3 kilometer lenger sør.

I Bud blei det siste riksrådmøtet i Noreg halde i 1533 under leiing av erkebiskop Olav Engelbrektsson. Ved reformasjonen er par år seinare måtte erkebiskopen forlate landet, og riksrådinstitusjonen blei nedlagd.

Under andre verdskrigen hadde den tyske okkupasjonsmakta eitt av dei største kystforta her, Ergan kystfort. Dette er i dag del av Romsdalsmuseet; det er delvis restaurert og godt tilrettelagt for publikum.

Bud var frå 1837 til 1963 sentrum i dåverande Bud kommune. Bud kyrkje er ei korskyrkje i tre frå 1717.

Bud har mykje turisttrafikk, for ein stor del grad basert på fisketradisjonane med mellom anna Bryggjen, Noregs første «fisketeria», med ein meny av tradisjonelle fiskeretter.

  • Riksmøtet og «Riddarsalen» i Bud, utg. av Romsdal sogelag, 1988