Faktaboks

Bergamtet

overbergamtet

Uttale
bˈergamtet

Bergamtet var det sentrale innanlandske styringsorganet for den norske bergverksnæringa, oppretta i 1654 i Christiania.

Amtet skulle føre tilsyn med bergverksnæringa i Noreg og ta hand om interessene til staten. Amtet fekk både dømmande og administrativ styresmakt, underlagd sentraladministrasjonen i København. Bergamtet vart organisert som eit kollegium, altså ei gruppe av kollegaer med formelt lik påverknad på vedtaka. Berghauptmannen var formann for dei andre bergembetsmennene og hadde ansvar for å setje politikken i verk. Amtet ordna bergverksnæringa i Noreg og hadde domsrett i saker som omfatta bergverka.

Overbergamtet hadde den første tida sete i Kristiania, men møtte fleire stader og vart så flytta til Kongsberg i 1686. I 1689 kom det til eit underbergamt for det sønnanfjelske, underlagd overbergamtet. I 1688 vart det nordanfjelske Bergamtet oppretta, med sete i Trondheim. Det kom i røynda til å verka sjølvstendig innafor sitt geografiske område. Bergretten i sør var elles delt i to, der overbergamtsretten var andre instans for underbergamtsretten og byretten i Kongsberg.

Bergamtet nordanfjells og underbergamtet sønnanfjells vart oppheva i 1812. Overbergamtet på Kongsberg vart avskaffa i 1816 og bytt ut med styret for det gjenoppretta Kongsberg sølvverk. Overbergamtsretten verka som avgrensa fagrett fram til 1830.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.