Hopp til innhold

Færre russiske anløp i norske hamner – og mindre fisk

Talet på anløp med russiske fiskefartøy gjekk ned med nesten ein firedel frå 2022 til i fjor. Landingane av russisk fisk blei redusert med ein tredel i same periode.

Den russiske linebåten "Kaprodon" leverer fisk ved Kirkenesterminalen.

Det blei landa mindre russisk fisk i Noreg i 2023 enn i 2022. Her er det den russiske linebåten «Kaprodon» som lossar fisk i Kirkenes.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

I 2023 var det nesten 100 færre russiske anløp i Kirkenes enn året før.

Går man fem år tilbake i tid, er nedgangen enda større, fortel hamnesjef Terje Jørgensen.

– Nedgangen frå toppåret i 2019 er på ein tredel, omtrent.

Terje Jørgensen, havnesjef i Kirkenes havn

Hamnesjef Terje Jørgensen seier nedgangen i russiske anløp går ut over økonomien til Kirkenes havn.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Flest i Kirkenes

I dag kan russiske fiskefartøy anløpe tre hamner i Noreg; Tromsø, Båtsfjord og Kirkenes. Blant desse var det Kirkenes som har hadde flest besøk av russiske fartøy, både i 2022 og 2023 (sjå figuren over). I alt var det 882 anløp med russiske fartøy i desse tre hamnene i 2022, medan det var 675 anløp i 2023.

Les også Får ikke ferdigstille russiske fiskefartøy: – Dette handler ikke bare om oss

Tråleren «Saami» foran skroghallen til Kimek i Kirkenes.

Kirkenes hadde også størst reduksjon frå 2022 til 2023. Talet på russiske anløp gjekk ned med 98, medan Tromsø hadde 95 færre besøk og Båtsfjord 14 færre russiske anløp i den same perioden.

Overskot

Kirkenes havn har hatt streng kostnadskontroll. Dermed har ikkje reduksjonen i russiske anløp ført til raude tal i rekneskapen.

Dessutan har talet på hurtigruteanløp gått opp etter at koronapandemien er over, og reiarlaget Havila sine fartøy har for alvor har segla inn i Kystruta etter ein del startvanskar.

Derfor blei det overskot for Kirkenes havn i fjor.

– Det skuldast også ein del ekstraordinære inntekter, så det blei eit driftsresultat på
litt under ein million kroner. Det er vi svært godt fornøgd med, seier Jørgensen.

Fskebåtanløp frå aust

På slutten av 1980-talet begynte sovjetiske fiskefartøy å lande fisk i Noreg.
Dei første åra blei fisken levert til norske fiskemottak. Der blei han brukt som råstoff for ulike produkt som filet og saltfisk.

Dei siste åra har omtrent 90 prosent av den russiske fisken blitt sett på tollager i Noreg. Deretter har den blitt sendt vidare til kundar i andre land.

De russiske trålerne "Arktika" (t.v.) og "Jantarnyj" ved Sydvaranger-kaia i Kirkenes.

Mange russiske fiskebåtreiarlag har gjennomført mannskapsbytte i norske hamnar. Her er de russiske trålarane «Arktika» (til venstre) og «Jantarnyj» ved Sydvaranger-kaia i Kirkenes.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Frå 2022 til 2023 registrerte Norges Råfisklag at dei samla russiske landingane av fisk i Noreg blei redusert med nesten ein tredel.

Råfisklaget dekker området frå Nordmøre til grensa mot Russland.

Den samla mengda med russisk fisk gjekk ned frå 107.000 tonn til 73.000 tonn (sjå figuren nedanfor). Det er ein nedgang på vel 30 prosent.

Verdien gjekk ikkje like mykje ned, fordi fiskeprisane steig i den same perioden. I alt landa russiske fartøy fisk for vel 1,84 milliardar kroner i 2022 i Råfisklaget sitt distrikt, medan verdien i 2023 var litt over 1,50 milliardar kroner. Ein nedgang på vel 18 prosent.

Lågare kvotar og meir til Russland

Administrerande direktør Svein Ove Haugland i Norges Råfisklag seier det skuldast fleire forhold.

– Ein hovudårsak er sjølvsagt at torskekvotane gjekk ned med omtrent 20 prosent frå 2022 til 2023. Då er det naturleg at det har vore færre russiske landingar.

Haugland seier også at det i fleire år vore ein trend kor russiske fartøy har levert fisken andre stader, både under koronapandemien og i åra etter.

– Kor går fisken når han ikkje lenger blir landa i Noreg?

– Den tar nok fleire vegar. Eg trur ein heil del går tilbake til den russiske marknaden.

Haugland har inntrykk av at Russland prøver å få ein del fisk til sitt eige land etter at Putin beordra fullskala krig mot Ukraina.

– Og så er det nok ein heil del fisk som blir omlasta ute i havet og sendt til marknadene via den ruta, avsluttar han.