Hopp til innhold

Ny nedbørsrekord i Longyearbyen – elva vaska vekk bru

På eitt døgn har det regna meir enn julinormalen for Longyearbyen. Ei gangbru og fleire vegar av skredfare.

Brua Perleporten i Longyearbyen er i stor grad vaska bort.

Brua Perleporten i Longyearbyen er i stor grad vaska bort av vassmengda.

Foto: Niklas Wikstrand / Privat

Det siste døgnet har vore vått i Longyearbyen på Svalbard.

Meteorologisk institutt melder på X at det blei målt 22,7 millimeter regn frå klokka 8 søndag morgon til same tid måndag morgon på Svalbard lufthamn.

Ikkje berre er det ny julirekord. Den førre blei slått med 7,1 millimeter.

– Det har verkeleg kome mykje regn. Når det kjem ein kombinasjon med mykje regnvatn og breismelting, så blir det ekstra mykje vann. Elva er stor.

Det seier Niklas Wikstrand, ein av innbyggarane i Longyearbyen. Elva han snakkar om er Longyearelva.

Bru nær ved å bli vaska bort

Søndag kveld gjekk Wikstrand ein tur i området. Då oppdaga han at gangbrua Perleporten var nær ved å bli vaska bort.

– Då vi skulle gå over, så vi at det ikkje var så mykje igjen av den.

– Brua var tidlegare brukt til annan trafikk. Men det blei slutt etter eit jordskred for nokre år sidan.

Han fekk varsla om at brua var lite gangbar.

Elva har vaska bort mykje av brua. Ein kan tydeleg sjå at mengden med vatn har gjort at elva har tatt nokre nye vegar.

Elva har vaska bort mykje av brua. Ein kan tydeleg sjå at mengda med vatn har gjort at elva har tatt nokre nye vegar.

Foto: Niklas Wikstrand / Privat

Måndag morgon meldte Longyearbyen lokalstyre at brua er stengt. Det er også nærliggande vegar, som elva også hadde begynt å grave bort.

Veg 300 blei samstundes stengt på grunn av fare for jordskred.

Meir enn normalen for månaden

Det er nok mange rundt om i Noreg som har opplevd ein god del meir regn enn 22,7 millimeter.

Men normalen for Longyearbyen er rundt 20 mm for heile juli månad.

Værkart over regnrekord i juli i Longyearbyen.
Foto: Meteorologene

Det er meir regn i vente dei neste dagane, ifølge Yr. Mengda som er venta, er langt mindre enn på søndag.

– Akkurat no er det 6 grader, vind ifrå sør og søraust med liten kuling og litt regn i og rundt Longyearbyen. I morgon kan det bli liten kuling enkelte stader og periodar med regn. Det blir overskya, men det er ein moglegheit for eit gløtt av sol, seier vakthavande meteorolog Anita Ager-Wick.

På langtidsvarselet er det fleire dagar meldt over to og tre millimeter nedbør.

Wikstrand understrekar at sjølv om elva vaks godt over sine bredder, følte han aldri at det var fare på ferde.

– Nei, dette går bra, seier han.

Les også Isbjørnen tok selfie: Mener ny lov stopper nye unike bilder av «kongen av Arktis»

Kamera-isbjorn-2.jpg