Forside:Sogndal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sogndal»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Balestrand • Leikanger

Om Sogndal kommune
1420 Sogndal komm.png
Sogndal kommune ligg i Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Den noverande Sogndal kommune vart etablert i 2020, då Leikanger og Balestrand vart innlemma. Administrasjonssenteret er Sogndalsfjøra, medan Fylkesmannen i Vestland held til i Leikanger (Hermansverk).

Sogndal er kjend som saftbygda, og er ein av dei store fruktprodusentane i fylket. Lerum Fabrikker har ein av sine fabrikkar i Sogndal. Det er og ein god del husdyrbruk i kommunen. Industrien er i stor grad knytta til landbruket, i form av slakteri, bær- og fruktforedling og anna næringsmiddelindustri.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Jakob Bøthun.
Foto: Faksimile frå Nesse (1966): Sogn lærarlag.
Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902.   Les mer …

Jakob Sverdrup på et xylografi av Hans Christian Olsen.
Jakob Liv Rosted Sverdrup (Jakob Sverdrup) (fødd 27. mars 1845 i Kristiania, død 11. juni 1899 i Østre Aker) var teolog, folkehøgskulestyrar og ein av dei mest sentrale og omstridde norske politikarane sist på 1800-talet. I januar 1871 opna han Sogndals folkehøiskole. Han hadde vore på studiereise til danske folkehøgskular i 1869, men stilte seg kritisk til dei grundgvigianske ideane. Medan dei andre folkehøgskulane på same tida var grundtvigianske, hadde Sverdrups folkehøgskule eit pietistisk og antigrundtvigiansk grunnlag. Han var styrar ved folkehøgskulen til 1878, men overlet frå 1875 frå seg meir og meir av drifta til Henrik Mohn Dahl som han hadde fått inn som lærar i 1874.   Les mer …

Tjugum kyrkje.
Foto: Per Olav Bøyum
Tjugum kyrkje i 1960
Foto: Nasjonalbiblioteket

Tjugum kyrkje ligg på nordsida av Esefjorden i Balestrand, Sogndal kommune. Då ho vart reist i 1863, hadde Tjugum både bank og gjestehus, og aktiviteten var større på nordsida av fjorden enn i Holmen.

Tjugum er startområdet for Mini Challenge, festivalen si vesle fjordkryssing. Artikkelen om Tjugum kyrkje er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden.   Les mer …

Eirik Bruhjell

Eirik Olson Bruhjell (fødd 2. desember 1853 i Balestrand, død 12. september 1941 i Fjære) var prest, målmann og ein av dei fyrste bondestudentane i Sogn. Bruhjell kom frå husmannsplassen Bruhjellshagen under garden Bruhjell i Balestrand i Sogn og Fjordane. Foreldra var husmann og bygningsarbeidar Ola Hermundson Langeteig (1804-1873) og Sigrid Antonusdotter Dale (1804-1895). Eirik var den yngste av fem born, og to av syskena utvandra til Amerika.

Etter å ha gått allmugeskulen i Balestrand vart Eirik i 13-årsalderen teken inn i prestegarden til sokneprest Harald Ulrik Sverdrup. Der var han tenestegut og fekk privatundervisning av prestedottera Elisa til 15-årsalderen. Frå august 1870 til desember 1871 gjekk han Balestrand lærerskole som H.U. Sverdrup hadde skipa nokre år før.   Les mer …

Hans Kristian Seip.

Hans Kristian Seip (fødd 6. november 1881 i Røyken, død 14. mars 1945 i Lærdal) var vegingeniør, fylkesmann i Sogn og Fjordane og stortingsrepresentant.

Hans Seip var son av sokneprest Jens Lauritz Seip (1852-1913) og Marie Frederikke Aubert (1853-1931). Han var fødd i Røyken i Buskerud, men voks opp i Åseral i Agder. Ein yngre bror var språkforskaren og universitetsrektoren Didrik Arup Seip medan systera Kathrine vart gift med biskop Eivind Berggrav. Seip tok eksamen ved Kristiania tekniske skole i 1900 og studerte ved Zürich Polytechnikum 1902-03. Han arbeidde i Statens vegvesen i Hedmark 1900-02, Møre 1903-09 og Hordaland 1909-15. Han var avdelingsingeniør ved vegvesenet i Bergen frå 1915 og var vegsjef i Bergen 1921-29.   Les mer …

Th. Eggum dreiv pelsdyravl medan han var lærar i Skjåk. Her matar han sølvrev. Fotograf ukjent.
Thorstein Eggum (fødd 18. mai 1901 i Sogndal, død 14. mars 1994 i Lier) var lærar, skulestyrar og lokalpolitikar. Lærarkarrieren delte seg nokså likt på Skjåk i Gudbrandsdalen og Lier ved Drammen. Han var varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk kommune. Eggum tok lærareksamen på Stord i 1922. Fyrste lærarstillinga var i Davanger, Askøy 1922-1923. Frå hausten 1923 kom han til Skjåk som folkeskulelærar i Holmork skulekrins. Der budde familien i lærarbustaden på Holmorkhaugen til 1945, da Eggum søkte og fekk lærastilling ved Øverskogen i Lier. Frå 1950 var han i Egge krins og skule i same kommunen, der han vart skulestyrar.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Sogndal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar