Faktaboks

Irland
Hovudstad
Dublin
Innbyggjartal
5,01 millioner
Storleik
68 890 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Michael D. Higgins
Språk
irsk, engelsk
Nasjonaldag
17. mars
Valuta
euro
Flagg
plassering av Irland på jordkloden. Kart

Irland (mørkegrønt) ligg i Europa (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Irland er ei øy som ligg vest i Europa. Landet grenser til Storbritannia. Mellom øya Irland og Storbritannia ligg Irskesjøen. Hovudstaden heiter Dublin.

Natur og klima

Plassering av Irland med naboland rundt, kart.
Irland og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Irland har kyst mot Atlanterhavet i nord og er rundt ein femdel av Noreg i storleik. Landet blir også kalla 'den grøne øya' fordi det er mange sletter og grøne enger i landet.

Det er også innsjøar, elver, åsar og låge fjellområde i landet. Langs kysten er det mange klippar og fjordar. Det høgaste fjellet heiter Carrantuohill, 1041 meter over havet. Nasjonaldyr er hare. Det lever også rådyr, grevlingar, røyskattar og piggsvin i landet.

Energien i landet kjem frå ein blanding av naturgass og fornybare energikilder som vindkraft.

Irland har eit klima med varme somrar og milde vintrar med lite snø.

Folk og kultur

En stor parade i en bred bygate. Først går noen med store grønne flagg og bak dem et musikkorps. Gatene rundt er fulle av folk som ser på. foto
Nasjonaldagen 17. mars blir kalla St.Patrick's Day og blir feira av irar over heile verda. Her er frå ei feiring i Dublin.
Fotografi
Av /NTB AP.

Over 90 prosent av befolkninga i Irland er irar. Mange av innbyggjarane har keltisk opphav. Keltarane kom til området på 400-talet.

Dei siste tiåra har mange av innbyggjarane flytta frå landsbygda og inn til dei større byane. I dag bur rundt 65 prosent i byar og tettstader. Offisielle språk er irsk og engelsk. Kristendom er den største religionen, dei fleste er katolikkar.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 16 år. Dei fleste elevane held fram på vidaregåande skule.

Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Irland er ein republikk med president som statsoverhovud. Landet er eit demokrati, og det er val kvart femte år i landet. Det er statsministeren og regjeringa som styrer landet.

Mange menneske i Irland jobbar med helse og handel. Landet tener pengar på å selje matvarer, legemiddel og maskiner til andre land.

Irland er medlem av mellom anna FN og EU.

Historie

Det har budd menneske i Irland i rundt 9000 år. Dei eldste byane i Irland blei grunnlagde av norske og danske vikingar rundt år 800.

I 1050 tok England kontroll over Irland. Frå 1801 blei øya ein del av Storbritannia. Mellom 1845 og 1849 hadde dei store problem med å dyrke nok mat, særleg potet. I den tida utvandra over ein million irar til USA, medan like mange døydde av mangel på mat.

Etter fleire opprør på byrjinga av 1900-talet fekk Irland meir sjølvstyre i 1922. Irland blei eit heilt sjølvstendig land i 1949. Den nordlegaste delen av landet heldt fram med å vere ein del av Storbritannia under namnet Nord-Irland.

Etter ei økonomisk krise i verda i 2008 fekk Irland store pengeproblem. Landet fekk mellom anna stor gjeld. Dei siste åra har økonomien blitt betre. Irland er i dag eit av dei landa i verda med høgast inntekt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør