Faktaboks

Saia Marilena Stueng
Fødd
1993, Kárášjohka/Karasjok
Foto, bokomslag.
Foto, bokomslag.
Davvi Girji.

Saia Marilena Stueng er ein samisk forfattar frå Karasjok i Finnmark. Ho skriv ungdomsbøker.

Bakgrunn

Saia Marilena Stueng har studert samisk litteratur. Heilt frå ho var barn har ho vore engasjert i samfunnet. I intervju snakkar ho ofte om bestemora Máret. Bestemora var eit førebilete som kjempa for samisk språk og kultur. Stueng har engasjert seg mot mobbing, og er ein forkjempar for samiske språk.

Karriere

Stueng har skrive to ungdomsbøker på samisk. Den første, Hamburgerprinseassa kom i 2017. Den norske utgåva, Hamburgerprinsessa, kom i 2019.

I 2023 kom oppfølgjaren: Hamburgerprinseassa –Eallá dusse okti.

Tema

Temaa i bøkene om hamburgerprinsessa er mobbing, seksualitet, maktmisbruk og kjærleik.

Hovudpersonen i bøkene er Maren. I den første boka er ho 17 år og bur saman med mora i ei lita bygd i Nord-Norge. Maren går på vidaregåande, og der kjenner ho seg einsam. Ho blir mobba og halden utanfor av dei andre elevane. Maren har det dessutan vanskeleg heime. Mora har drikk for mykje alkohol og har stadig nye kjærastar. Den einaste vennen Maren har, er den mange år eldre Mátthe. Når Maren treng ekstra trøyst, kjøper ho ein 300-grams hamburgar med ost og bacon.

I den neste boka går Maren siste året på vidaregåande. Ho har framleis eit vanskeleg forhold til mora, så ho bur hos Mátthe. Maren får varme kjensler for ein ung kvinneleg artist, og dei to får kontakt. Samstundes er ikkje forholdet mellom Maren og Mátthe heilt klart. Trass i all motstanden Maren møter, har ho både vilje, mot og tankar om framtida.

Betyding

Den første boka til Stueng, Hamburgerprinsessea, vart svært populær. Det første opplaget vart utselt på uvanleg kort tid.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Morten O. Haugen