Skjelett av en dinosaur som står på fire bein med knokler ut i tærne. Kroppen har flere ribbein. Hodet er stort med ett horn på nesa, to horn på toppen og en krage av bein i nakken. Foto
Modell av skjelettet til Triceratops utstilt i Los Angeles Museum of Natural History, USA.

Triceratops var ein stor, planteetande dinosaur med horn. Han levde for omtrent 66 millionar år sidan og er no utdøydd.

Det tydelegaste kjenneteiknet var ein stor krage av bein bak på hovudet på dyra. Dei hadde òg eitt horn på snuten, og to i panna.

Beskrivelse

Triceratopsane blei omtrent åtte meter lang. Dei hadde ganske kort hale og fire store føter. Dei kunne bli nesten tre meter høge.

Dyra hadde eit veldig stort hovud med to lange, spisse horn over auga og eit mindre horn fremst på snuten. Bakarst på hovudet hadde dei ein stor krage av bein.

I staden for fortenner hadde Triceratops nebb. Inne i munnen hadde dei nesten 600 tenner på innsida av kinna.

Hjernen var ganske liten, men forskarar trur at Triceratops hadde god luktesans og kontroll på rørslene. Auga peika utover til sidene.

Det er ikkje funne heile skjelett av Triceratops. Forskarar veit heller ikkje korleis huda deira var.

Levevis

Forskarar trur dei åt små, blomstrande tre. Tennene blei fort slitt. Det var fordi overkjeven og underkjeven bevega seg nesten som ei saks når dei togg.

Funn

Triceratops levde samtidig med mellom anna Tyrannosaurus. Fossil er funne i Canada og fleire stader i Nord-Amerika.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Lene Liebe Delsett
Doktor i virveldyrpaleontologi, Universitetet i Oslo