Faktaboks

baryton

eufonium, euphonium

Nærbilde av baryton i sølvfarge som ligger på et svart stoff.

Baryton og eufonium er nesten det same instrumentet, og namnet blir ofte brukt om kvarandre. Men tuten er litt breiare på eufonium, som da lagar ein mjukare lyd.

Foto av eufonium
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Baryton er eit musikkinstrument som lagar lyd ved at ein blåser luft inn i det. Baryton blir laga av messing og er eit messingblåseinstrument.

Baryton blir ofte brukt i:

Beskriving

Baryton blir òg kalla eufonium. Det er eigentleg to ulike instrument med små skilnader, men namna blir brukte om kvarandre. Baryton og eufonium er like lange, men tuten er litt breiare på eufonium, som da lagar litt mjukare lyd. Nokon kallar instrumentet «juff», som er ei forkorting for eufonium.

Barytonhorn liknar på andre messingblåseinstrument, som tubaen. Skilnaden er forma, storleiken og kor lyse tonar det kan spele. Barytonen ligg midt i mellom tuba og valthorn i tonehøgd.

Bruk

Nærbilde av toppen av et baryton som holdes av en jente med langt hår.

Mange byrjar å spele baryton i korps.

Foto av instrument.
Av /NTB.

Baryton er laga av eit langt messingrøyr som er bøygd i mange vinklar. I endene av røyret er det to opningar, éin stor og éin liten. Den vesle opninga blir kalla munnstykket. Ein blåser inn i munnstykket for å lage lyd. Lyden kjem ut av den store opninga, som blir kalla endestykket eller sjallstykket. Midt på røyret er det tre klaffar, kalla ventilar. Dei blir trykte inn for å endre kva tone som kjem ut.

Ein speler på barytonen ved å presse leppene saman mot munnstykket og blåse. Kor hardt ein pressar og blåser bestemmer kva tone som kjem ut. Ein kan òg endre tone ved å trykkje inn ventilane.

Ein musikar som speler baryton kan kallast baritonist, men det er òg vanleg å seie messingblåsar.

Historie

Då barytonen vart funnen opp på 1830-talet, vart den først kalla tenorsaxhorn. Det vart etter kvart til tenorhorn eller barytonhorn, og så berre baryton. Då brukte dei sju storleikar av liknande saxhorn. Baryton var i midten i tonehøgd. I dag er det berre typene althorn og baryton som er vanleg.

Baryton i musikk

Baryton kan både vere eit melodiinstrument og ein del av ei blåserekkje. Det vil seie at ho både kan spele melodien i musikken, eller spele akkordar saman med andre blåseinstrument. Baryton har ein mjuk og rund lyd (klang).

Baryton er mest brukt i korpsmusikk og klassisk musikk. Mange som speler baryton starta å spele instrumentet i korps.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet