En ung musiker står konsentrert med lukkede øyne foran en datamaskin. Han har hodetelefoner hengende rundt nakken.
EDM-artisten Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll) under ein konsert i Oslo Spektrum i 2014.
Foto av Kygo.
Av /NRK.
Lisens: CC BY NC SA 2.0
En blå boks med noen få pianotangenter, knapper og digitale tall. Foran ligger det to mikrofoner.

Trommemaskin blir også kalla rytmeboks. Maskinen blir brukt til å etterlikne lyd av tromme og slagverk.

Foto av rytmeboks.
Av /Samfoto.

Elektronisk musikk er musikk som blir laga og spilt med elektronisk utstyr. Det kan for eksempel vere datamaskin, synthesizer og trommemaskin.

Kjende musikarar i denne sjangeren er norske Kygo og svenske Avicii.

Kjenneteikn

Elektronisk musikk bruker elektroniske instrument som synthesizer og trommemaskin. Det er vanlig med sampling. Sampling er å hente bitar frå annan musikk og setje inn i sin eigen musikk.

I elektronisk musikk er det ofte raskt tempo. Tydeleg rytme, gjentakingar og jamn takt er også viktige musikalske element. Elektronisk musikk blir mykje brukt som dansemusikk, spesielt på diskotek.

Historie

Svart/hvitt bilde av en kvinne som sitter omgitt av maskiner som kan lage elektronisk lyd, for eksempel en båndopptager.

Daphne Oram var ein av dei første britiske komponistane som produserte elektronisk lyd.

Foto av Daphne Oram i 1962.
Av /National Media Museum/Daily Herald Archive .

Musikarar og komponistar byrja å lage elektronisk musikk allereie tidlig på 1900-talet, fordi dei ville ha lydar i musikken som vanlege instrument ikkje kunne lage.

Elektronisk musikk starta i kunstmusikken. I Noreg laga komponisten Arne Nordheim elektronisk musikk allereie på 1960-talet. Hans musikk høyrer til modernismen.

Elektronisk populærmusikk blei særleg populært frå 1980-talet, med band som Depeche Mode.

Bandet Kraftwerk frå Tyskland var dei første som brukte elektroniske lydar i musikk for eit stort publikum.

EDM

En ung mann står foran et miksebord og justerer knapper. Bordet har mange knapper og ledninger, og til venstre på bildet er det en platespiller.

Tim Bergling, betre kjent som Avicii og Tim Berg, var ein kjend svensk dj og musikkmiksar.

Foto av Avicii.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

EDM står for elektronisk dansemusikk, og er ein viktig sjanger i elektronisk musikk. Sjangeren kjem frå diskomusikken på 1970-talet, og har blitt populær på 2000-talet. Den som styrer musikken på diskoteka blir kalla DJ (diskjockey).

EDM har fleire undersjangrar, dei vanlegaste er:

  • Techno, som er dansemusikk med kompliserte rytmar. Musikken er utan vokalist. Det blir brukt mange gjentakingar.
  • Trance, som har melodiar som skal vekkje kjensler. Synthesizer er eit viktig instrument. Songane har ofte vokalist.
  • House, som har korte melodiar som blir gjentekne. Det blir ofte brukte element frå andre sjangrar. House kan vere både med og utan vokalist.

Teknologi

Når det kjem ny teknologi, kan ein lage musikk på nye måtar. Det er spesielt tydeleg i elektronisk musikk. Her har det blitt utvikla elektroniske instrument, som syntheziser og trommemaskin. Det har blitt vanleg å bruke bruke datamaskin til å lage musikken.

Det finst mange ulike program og utstyr for dei som vil skrive musikk. Programma har digitale instrument med lydar som er spelte inn av ekte musikarar. Instrumenta speler inn éin og éin tone på ulike måtar. Så kan tonane setjast saman til heil musikk i eit program. Dermed kan musikken høyrast ut som om det er ekte musikarar, sjølv om alt er laga på ei datamaskin.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet