Agnus Dei
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4c/Mathis_Gothart_Gr%C3%BCnewald_025.jpg/220px-Mathis_Gothart_Gr%C3%BCnewald_025.jpg)
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ef/L%27homme_arme_agnus_dei.jpg/300px-L%27homme_arme_agnus_dei.jpg)
Agnus Dei (latin for «Guds lam») er ein hymne som inngår som fast del i den katolske messa, nattverdliturgien i Den norske kyrkja og i liturgien i andre kyrkjesamfunn. Uttrykket er henta frå Døyparen Johannes sin omtale av Jesus som Guds lam, omtalt i Evangeliet etter Johannes 1,29.[1]
Teksten skal ha blitt introdusert i liturgien av pave Sergius I (687–701). Han vert sungen eller resitert rett før nattverdmåltidet. Melodien kan variere gjennom kyrkjeåret eller gudstenesteforma.
Hymnen lyder på latin:
- Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
- Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, miserere nobis.
- Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, dona nobis pacem.
På norsk lyder han:[2]
- Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss.
- Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss.
- Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, gjev oss din fred.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Joh. 1 ved bibel.no
- ↑ Gudstenestebok for Den norske kyrkja
- Denne artikkelen bygger på «Agnus dei» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2009.