Aspen
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8d/Downtown_Aspen%2C_CO%2C_with_view_to_ski_slopes.jpg/220px-Downtown_Aspen%2C_CO%2C_with_view_to_ski_slopes.jpg)
Aspen er ein småby i delstaten Colorado i USA. Byen har ikring 6 600 ibuarar og er fylkessete i Pitkin County. Aspen ligg 2405 meter over havet i Rocky Mountains.
Aspen vart grunnlagd i 1879 som gruveby under sølvrushet på slutten av 1800-talet. I 1946 vart staden utbygd for skiturisme. VM i alpine greiner 1950 vart avvikla i skianlegget Ajax Mountain, rett utanfor byen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Aspen, Colorado» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2014.