Hopp til innhald

Bernard de Fontenelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernard de Fontenelle

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 11. februar 1657
Rouen
Død

9. januar 1757 (99 år)
Paris

Yrke filosof, lyrikar, skribent, skodespelforfattar, satiriker, librettist, matematikar, advokat, religionsviter, astronom
Språk fransk
Medlem av Académie française, Royal Society, Det franske vitskapsakademiet, Académie des inscriptions et belles-lettres, Det prøyssiske vitskapsakademiet, Académie de Stanislas, Académie des sciences, belles-lettres et arts de Rouen
Bernard de Fontenelle på Commons
Fontenelle måla av Louis Galloche

Bernard Le Bouyer de Fontenelle (11. februar 16579. januar 1757) var ein innverknadsrik og allsidig fransk forfattar frå opplysingstida. Ved sida av Pierre Bayle høyrer Fontenelle til dei viktigaste representantane for den tidlege franske opplysingstida. Voltaire omtalte han som det mest universelle sinnet fr[ tida til Ludvig XIV.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Fontenelle var fødd i Rouen[1] i ein tenesteadeleg familie. Faren, François Le Bouyer de Fontenelle (1611–1693), var jurist og mora Marthe Corneille (1623–1696), var syster til dramatikarbrørne Pierre og Thomas Corneille.[2] Fontenelle studerte ved jesuittkollegiet i Rouen – skulen fekk seinare namnet Lycée Pierre-Corneille.[3] Deretter byrja han som advokat, men tapte den fyrste og einaste saka si og avbraut så denne karrieren.

Fontanelle satsa i staden på ein litterær karriere. Hjelpt fram av onkelen Thomas Corneille blei han raskt ein populær lyrikar, komedieforfattar, operalibrettist og forfattar av ein brevroman, og ikkje minst ein etterspurd deltakar i dei litterære salongane i Paris. Han skreiv om filosofar og vitskapsmenn, og var ein ivrig forsvarar av tradisjonen etter René Descartes.[4]

Fontenelle døde månaden før han ville fylt 100 år.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Fontenelle skreiv dikt på latin allereie som trettenåring, og byrja dermed den litterære løpebanen sin som poet. I 1680 floppa tragedien Aspar i ei slik grad at Fontenelle sjølv brende manuskriptet for å markera at vurdering til publikum var korrekt. Librettoen til Pascal Collasse sin tragédie lyrique Thétis et Pelée («Thetis og Pelevs») frå 1689 blei lovprisa av Voltaire, men er ikkje stort betre. Også Poésies pastorales (1688) er eit middelmåtig verk.

Dialogues de morts (1683, «Samtalane til dei døde») er ei samling fiktive dialogar mellom kjende folk frå antikken og nære forgjengarar av Fontenelle, til dømes mellom Sokrates og Michel de Montaigne. I boka argumenterer Fontenelle for sine eigne heilt urimelege fordommar om at filosofane til antikken er overlegne seinare kollegaer.

I 1686 kom Entretiens sur la pluralité des mondes («Konversasjon om eit mangfald av verder»), ein fiktiv dialog mellom ein velutdanna mann og ei interessert adeleg dame og dottera hennar. I boka populariserer Fontenelle vitskaplege observasjonar og tolkingar lagt fram av astronomane Nikolaus Kopernikus, Galileo Galilei og Johannes Kepler, i tillegg til av filosofen René Descartes. Fontenelle ser ikkje bort frå at kan finnast planetar med intelligente vesen, noko som fall den katolske kyrkja tungt for brystet. Sjølv om kyrkja sette verket på forbodslista Index librorum prohibitorum[5] som umogleg å sameina med det ptolemaiske verdsbilete, kom det ut i fleire opplag. Til liks med mange av sine samtidige landsmenn heldt Fontenelle fram med å vera tru mot den kartesiske fysikken til Descartes, sjølv etter at verka til Isaac Newton hadde gjort han forelda. Så seint som i Théorie des tourbillons cartésiens (1752) støtta Fontenelle Descartes sin «virvelteori» frå 1644, ein forlengst utdatert mekanisk gravitasjonsteori.

I Histoire des oracles (1686, «Sogene til sannseiarane») presenterer Fontenelle ulike profetiar og mirakel skildra i gamle kjelder i ein elegant samtalestil slik at lesarane skulle stimulerast til kritisk lesing av bibelske profetiar og under. Jesuittane forstod meldinga, og kom med ein programmatisk refs av boka.

I 1687 braut Querelle des Anciens et des Modernes ut i Académie française, ein strid mellom tilhengjarar av det antikke og av det moderne verdsbiletet. I kraft av statusen sin som forfattar av Dialogues de morts, blei Fontenelle den fremste talsmannen for «dei moderne», og i 1688 kasta han seg inn i debatten med skriftet Digression sur les Anciens et les Modernes.

I åra etter var Fontenelle aktiv som lyrikar, tragedieforfattar, forteljar og litteraturteoretikar. I 1691 blei han endeleg vald inn i Académie française etter at motstandarane hans i Anciens-fraksjonen hadde klart å forpurra opptaket fire gonger, og i 1697 blei han i tillegg medlem av Académie des Sciences. Han forlét no stort sett skjønnlitteraturen, og i tråd med dei nye verva sine skreiv han ei rekkje Laudationes om naturvitskapsmenn og oppfinnarar som takka vera den elegante pennen til Fontenelle blei kjende for eit større publikum. I De l’origine des fables (1724; 'Om opphavet til fablane') la han fram ein ide om fablar kan oppstå uavhengig i ulike kulturar, og har også nokre forsøksvise tankar om komparativ religion.[1]

Tyding og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Fontenelle spelte ei viktig rolle i det parisiske ånds- og samfunnslivet, og ei viss rolle i politikken, fram til innverknaden hans byrja å minka rundt 1725.

Som den fyrste i Frankrike lekamleggjorde Fontenelle den typiske «opplysningsfilosofen», dvs. ein allsidig interessert forfattar av skjønnlitterære, filosofiske og naturvitskaplege verk. Han var eit bindeledd mellom forfattarar frå den franske klassisistiske perioden, som Corneille, Racine og Boileau, og dei fremste representantane til den nye opplysingstida, Voltaire, d'Alembert og Diderot, men høyrer likevel meir til 1700-talet sine philosophes enn til 1600-talet sine beaux esprits. Han stod for fransk klarheit i stillingstaking og framstilling; som vitskapsmann var han ubetydeleg, men som popularisator vart han banebrytande.

I 1935 kalla IAU opp månekrateret Fontenelle etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Bernard Le Bovier, sieur de Fontenelle | French Author, Scientist & Enlightenment Figure | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 2. juli 2024 
  2. http://gw.geneanet.org/garric?lang=fr;p=francois;n=le+bovyer+de+fontenelle
  3. «Lycée Pierre Corneille de Rouen – History». Lgcorneille-lyc.spip.ac-rouen.fr. 19. april 1944. Henta 26. juli 2014. 
  4. ''Madame Geoffrin'' by Janet Aldis. Books.google.com. Henta 26. juli 2012. 
  5. Index Librorum Prohibitorum, s. 125. Red. T. A. Degola. Google Books. Hentet 27. mars 2020.