Hopp til innhald

Brukar:Ranveig/Peru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Peru (spansk Perú; quechua og aymara Piruw) er ein republikk i Sør-Amerika, som grensar til Ecuador, Colombia, Chile, Brasil og Bolivia. Peru har ei rik kulturell historie. Inkariket hadde kjerneområdet sitt i dagens Peru.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei vestlege tørre slettene ved kysten (costa) er skilde frå Amazonasregnskogen i aust med Andesfjella i midten. På grensa til Bolivia ligg Titicacasjøen, den høgast liggjande seglbare sjøen i verda. Det høgaste fjellet er Huascarán med 6768 meter.

Dei største byane er Lima (9 886 647 innbyggjarar i 2012), Arequipa (869 351) og Trujillo (799 550).[1]

Klima[endre | endre wikiteksten]

I jungelområde (Iquitos, Tarapoto, osb.) er det 25-38 gradar året rundt. Fjellområdet (Arequipa, Cuzco, Puno, etc.) har 23 gradar om dagen og 0 gradar om natta i gjennomsnitt. Ved kysten (Lima, Tumbes, Tacna) er det varmt og fuktig om vinteren (mai-august) med ein middeltemperatur på 15-20 gradar. Den søraustlegaste delen ligg i utkanten av Atacama-ørkenen, og her er klimaet varmt og tørt året rundt.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Peru har ein folkesetnad på 31,2 millionar menneske (folketeljing 2017).[2]

Anslegen fødselshyppigheit i 2018 var 17,6 per 1000 innbyggjarar, og døydelegheiten same året var anslått til 6,1 per 1000 innbyggjarar.[3] Folketalet er forventa å nå 40 millionar i 2050.[4] I 2019 budde 78,1 % av folkesetnaden i urbane område. Straumen av menneske til byane skapar store sosiale problem i Peru og folk manglar ein plass å bu, utdanning og helsetilbod. [treng referanse]

Peru er eit multietnisk land som stammar frå ulike menneskegrupper som har vore i landet og kome til i løpet av dei siste 500 åra. Urfolk slo seg ned i dagens Per fleire tusenår før dei spanske conquistadorene kom til. Spanjolar og afrikanarar kom til i store mengder i kolonitida. Etter at Peru fekk sjølvstende frå Spania i 1821 kom europeiske innvandrarar i fleire bølgjer frå Italia, Spania, Frankrike, England og Tyskland. Etter 1850 kom arabarar, kinesarar og japanarar til.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Peru har ikkje nokon offisiell statsreligion, sjølv om konstitusjonen anerkjenner den historiske tydinga til den katolske trusretninga i utviklinga av landet. Religionsfridom er lovfesta, og det er forbode å diskriminera personar på grunn av religiøs overtyding. Den mest utbreidde religionen i Peru er kristendom, der katolisismen er den dominerande med ei tilslutting mellom 70 og 80 %. Andre kristne trussamfunn inkluderer protestantar, ortodokse kristne og mormonarar. Andre religionar som er etablerte i Peru er mellom anna buddhisme, jødedom og islam. Utøving av tradisjonelle førkolumbiske religionar finst òg, og mange praktiserer katolisisme blanda med element av tradisjonelle religionar. I 2018 blei krava om minimum 500 vaksne registrerte medlemmar for å kunna registrera eit trossamfunn fjerna.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før-kolumbiansk tid[endre | endre wikiteksten]

Peru var heimstad til ulike pre-inkakulturar, mellom dei den eldste kjende kulturen på det amerikanske kontinentet, Norte Chico-sivilisasjonen som eksisterte mellom 3000 og 1800 f. Kr. Funna frå denne tida omfattar blant anna byen Caral 200 km nord for Lima, og er den eldste byen som er funnen på kontinentet. Han er datert til cirka 2600 f. Ks. Nazcakulturen eksisterte frå omtrent 200 f.kr. til 600 e. Kr. Inkariket, som hadde hovudsete i Cuzco, var det største riket på amerikansk jord som spanjolane møtte.

Spansk kolonitid[endre | endre wikiteksten]

Pizarro nådde kysten av Peru i 1527, men vende tilbake til Spania for å få kongeleg løyve til å erobra området med den rike høgkulturen der. Då han kom tilbake i 1532 var Inkariket i borgarkrig mellom dei to brørne Huáscar og Atahualpa. Samstundes hadde sjukdomar som europearane hadde ført med seg, særleg koppar, allereie svekka folkesetnaden. På kort tid lukkast Pizarro i å ta kontroll over heile Inkariket, og heile Peru var i 1538 under kontrollen til «conquistadorane». Landet blei eit visekongedømme i 1542 med Lima som hovudstad. Inkaene var likevel endå ikkje heilt overvunne; ikkje før i 1572 var den opne motstanden nedkjempa i det geografisk uoversiktlege landet. Større eller mindre opprør var likevel hyppige i heile kolonitida. Etterkvart blei Peru til det spanske administrasjonssenteret for det meste av det søramerikanske kontinentet. Ved sida av den administratiive tydinga var landet produsent av gull, sølv og tekstilar som blei eksporterte til Spania.

Napoleonskrigene hadde òg innverknad på Sør-Amerika med sjølvstendekrigar i mange land. Peru, med den lange tradisjonen sin som spansk administrativ senter, vart sentrumet til rojalistane på kontinentet. Difor byrja sjølvstendekampen i Peru forholdsvis seint, etter 1820.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Peru erklærte sjølvstende frå Spania den 28. juli 1821 takka vera ein allianse mellom den argentinsk-chilenske hæren til José de San Martín og den storkolombianske hæren leia av Simón Bolívar. Det tok tre år før den spanske visekongen endeleg blei overvunnen den 9 desember 1824 i slaget ved Ayacucho. Dette var endepunktet for den spanske kolonitida i Sør-Amerika. Peru fekk ikkje sin første folkevalde president før i 1827. Frå 1836 til 1839 var Peru og Bolivia sameint i Peru-Bolivia-konføderasjonen, som først blei oppløyst etter ein væpna konflikt med Chile og Argentina. I desse åra heldt den politiske uroa fram, og hæren var ein viktig politisk faktor. I 1879 gjekk Peru og Bolivia igjen inn i ein allianse i kampen mot Chile i salpeterkrigen. Bolivia og Peru tapte krigen i 1883, og Peru tapte Arica til Chile. Først på byrjinga av 1900-talet blei det politiske stabilitet i landet. Stabiliteten varte til den andre presidentperioden til autoritære Augusto Leguía 1919-1930. Urolege år følgde, der eit svakt demokrati freista å hevda seg mot militæret og oligarkiet.

Militærdiktatur 1948-1979[endre | endre wikiteksten]

I 1948 tok militæret makta i eit kupp leia av Manuel A. Odría. Til trass for enkelte forsøk på å gjenreisa demokratiet ,som i presidentvalet i 1962, blei militæret verande ved makta. Militæret var antikommunistisk og undertrykte meiningsfridom og andre borgarrettar, og korrupsjonen blomstra. På slutten av 1970-talet hadde dårleg økonomisk styring ført landet ut i krise. Militæret var svekka, og det blei laga ein ny demokratisk grunnlov.

Demokrati etter 1979[endre | endre wikiteksten]

Den nye grunnlova blei innført i 1979 og demokratiske val gjennomførte året etter. Peru hadde framleis grunnleggjande problem. Aukande internasjonal gjeld og inflasjon gjorde økonomisk vekst vanskeleg. Dyrking av og handel med narkotika og opprørsrørsler som den maoistiske Sendero Luminoso forstyrra ei fredeleg utvikling. Det kom ikkje betring før presidentskapet til Alberto Fujimori (1990–2000). Til trass for ein autoritær stil, korrupsjon og menneskerettsbrot blei landet stabilisert og byrja ei positiv utvikling under han. Fujimori klarte òg å nøytralisera trusselen frå Sendero Luminoso. Fujimori måtte gå av i samband med presidentvalet 2000 og flykta til Japan. Han har seinare blitt henta tilbake til Peru og dømt for korrupsjon og menneskerettsbrot. Etter Fujimori blei Alejandro Toledo vald til president som den første i stillinga av urfolksopphav. Han blei følgd i stilllinga av Alan García i 2006. Under begge presidentane heldt den positive utviklinga i landet fram. Økonomien er blant dei raskast veksande i Sør-Amerika. Presidentane Pedro Pablo Kuczynski (2016–2018) og Martín Vizcarra (2018–2020) blei begge avsette etter riksrettsprosessar i kongressen. Grunngjevinga var m.a. korrupsjon.[6][7]

Politikk og forvalting[endre | endre wikiteksten]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Peru er delt inn i 25 regionar (regiones; eintal: región). Desse regionane er delte i provinsar, som igjen består av distrikt. Det er 195 provinsar og 1933 distrikt i Peru. Området til houdstaden Lima blir kalla Lima Metropolitana og er ein provins, men ikkje del av ein region. Hovudstaden Lima ligg ikkje i regionen Lima.

Regionane i Peru

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Estimaciones y proyecciones de población total de las principales ciudades, Instituto Nacional de Estadística e Informática.
  2. Población total, censada y omitida, según año censal, Instituto Nacional de Estadística e Informática.
  3. CIA World Factbook: Peru - avsnitt People and Society Besøkt 22. oktober 2019
  4. Perus nasjonale statistikk-institutt (INEI): Población estimada y proyectada por sexo y tasa de crecimiento, según años calendarios (xls) Besøkt 22. oktober 2019
  5. USA's justisdepartement: Peru 2018 international religious freedom report (pdf) Besøkt 27. oktober 2019
  6. Peru president Pedro Pablo Kuczynski resigns amid corruption scandal . The Guardian. Besøkt 11. november 2020.
  7. In Midst Of Pandemic Crisis, Peru's Legislature Impeaches The Nation's President. npr.org. Besøkt 11. november 2020.

[[Kategori:Republikkar]] [[Kategori:UNASUR]] [[Kategori:Peru]] [[Kategori:Sider utan gjennomgåtte omsetjingar]]