Hopp til innhald

Durian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Durian

Durian er ei tropisk frukt som veks på fleire artar av tre frå planteslekta Durio i kattostfamilien. Frukta blir også kalla stinkfrukt på grunn av den sterke lukta si.

Det finst 30 anerkjende Durio-artar, og minst ni av dei produserer etande frukt.[1][2] Frukt frå Durio zibethinus, som stammar frå Borneo og Sumatra, er den einaste som er tilgjengeleg på den internasjonale marknaden. Det finst over 300 namngjevne varieter i Thailand og 100 i Malaysia frå 1987.[1] Andre arter blir seld i lokale regionar.[1]

Duriantreet blir 20 meter høgt. Det høyrer heime på dei søraustasiatiske øyene, og blir dyrka fleire stader i tropane. Frukta er klubbeforma, har piggete skal og fruktkjøt som er gult eller kvitt og delt inn i seksjonar med 1–7 store frø i kvar. Fruktene er store som melonar og veg eit par kilo. Dei fell ned frå treet når dei er mogne, og det kan vera svært farleg å gå under trea i haustetida.

Durian kan etast rå eller kokt. Fruktkjøtet er illeluktande, men velsmakande. Lukta og smaken kan minna om hydrogensulfid, men ein kan venja seg til og setja stor pris på han. Fruktene er rike på sukker og stive.

Frøa kan ristast eller steikast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Morton, JF (1987). «Durian». Fruits of Warm Climates. Florida Flair Books; republished in New Crop Resource Online Program, Center for New Crops and Plant Products, Department of Horticulture and Landscape Architecture, Purdue University. ISBN 978-0-9610184-1-2. Henta 5. februar 2004. 
  2. «Hail the king of fruit – 10 types of durians from Malaysia». The Straits Times. 22. juni 2015. Arkivert frå originalen 27. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Durian