Gavotte
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e5/Gavotte_Dance.jpg/220px-Gavotte_Dance.jpg)
Gavotte (uttale /gavˈåt/) er opphavleg ein fransk pardans som stammar frå ein folkedans. Gavotte har fått namn etter innbyggjarane i Gap, gavots, i regionen Pays de Gap i Dauphiné, der dansen først oppstod.
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a5/Gavotte_rhythm.png/220px-Gavotte_rhythm.png)
Dansen vart først skildra som hoffdans av Thoinot Arbeau i 1589. Han vart populær som selskapsdans på 1700-talet, og vert skildra som sirleg, elegant og kokett. Dansen er inndelt i turar, og vert dansa i eit livleg tempo i 4/4-, 2/2 eller 2/4-takt. Nyare folke-gavottar frå Bretagne kan også dansast i 9/8- og 5/8-takt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Gavotte» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2015.