Heterotrofi
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0c/Mitochondria%2C_mammalian_lung_-_TEM.jpg/240px-Mitochondria%2C_mammalian_lung_-_TEM.jpg)
Heterotrofi (gresk heteros, «ein annan» og trophe, «føde/næring») er ei kjenning for levesettet til organismar som dekkjer energibehovet sitt gjennom å bryta ned organisk materiale frå andre organismar. Til dei heterotrofe organismane høyrer m.a. dyr, sopp, mange bakterier og nokre få plantar.
I økologien vert dei heterotrofe organismane ofte delt inn i detrivorar og predatorar, etter kva for form føda dei inntek kjem i. Detrivorar et daudt materiale, medan predatorar går etter levande organismar.
Heterotrofi står i motsetnad til autotrofi, som er energiproduksjon ved fotosyntese eller biokjemiske reaksjonar med uorganiske stoff.