Kalfatre
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b9/Kalfatern.jpg/220px-Kalfatern.jpg)
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/78/Griekse_visser_kalevatert_zijn_boot.jpg/220px-Griekse_visser_kalevatert_zijn_boot.jpg)
Å kalfatre (gjennom nederlandsk kal(e)fat(er)en frå arabisk qálfata, «tjørebre eit skip», kanskje er opphavet latin) vil seie å tette med stry mellomromma, natane, mellom plankane i skroget på skip, båtar og på båtdekk av tre, for deretter å forsegle med smelta bek, kitt eller høveleg kunststoff for å gjere det vasstett. Til å banke ned stryet i natane vert nytta ein tung hammar av tre og eit kalfatjarn.
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/05/Caulking_tools.jpg/220px-Caulking_tools.jpg)
Å omkalfatre, som er å erstatte gamal nating med ny, altså å kalfatre omatt, er brukt i overført tyding om å snu opp-ned på noko.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Kalfatre» hjå Store norske leksikon, innhenta 6. juli 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
- «Kalfatre» i Nynorsk- og bokmålsordboka, innhenta 6. juli 2010.