Kiste
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5d/Kiste_Norsk_Folkemuseum_NF.1897-1243.jpg/220px-Kiste_Norsk_Folkemuseum_NF.1897-1243.jpg)
Foto: Anne-Lise Reinsfelt
.Kiste er ein avlang boks med hengsla lokk og ofte med lås, laga i ulike storleiker for både lagring og transport av klede eller anna. Kistene er mellom dei eldste typane av møblar som er kjende i Europa. Fint dekorerte kister var vanleg inventar på gardane til lagring av stasklede og anna i tidlegare tider, og det var vanleg at sjøfolk hadde eignelutane sine i kister, sjømannskister.
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/30/Dragkiste%2C_NF.1896-0632.jpg/220px-Dragkiste%2C_NF.1896-0632.jpg)
Foto: Anne-Lise Reinsfelt
.Dragkiste
[endre | endre wikiteksten]Dragkiste er ei kiste med fleire skuffar i høgda i staden for eit stort rom, som i dei tradisjonelle kistene, og liknar såleis meir på ein kommode.
Likkiste
[endre | endre wikiteksten]![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/aa/Begravning.jpg/220px-Begravning.jpg)
Likkister er kister av tre som vert nytta til å leggje avlidne menneske i før jordfestinga eller kremasjonen.
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/08/Malle_de_mariage_1621.jpg/220px-Malle_de_mariage_1621.jpg)