Lima-regionen
Lima | |||
region | |||
|
|||
Land | Peru | ||
---|---|---|---|
Areal | 34 828,12 km² | ||
Folketal | 9 485 405 (2017)[1] | ||
Lima-regionen 11°51′S 76°27′W / 11.85°S 76.45°W | |||
| |||
Wikimedia Commons: Lima Region |
Lima-regionen er ein av 24 regionar i Peru. Regionen ligg sentralt i landet med kystlinje mot Stillehavet og har Huacho som regionhovudstad. Regionen omkrinsar Lima-provinsen i vest, provinsen som svarar geografisk til byen Lima.
Lima-regionen er på 34 828 km² og hadde 864 853 innbyggjarar i 2017.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Lima-regionen har grenser mot Ancash-regionen i nord, mot Huánuco, Pasco og Junín i aust og mot Huancavelica i søraust. Regionen har både ei kystsone og ei fjellsone med stort mangfald i landskapet.
Costa eller Chala ligg frå 0 til 500 meter over havnivået medan Janca eller Cordillera går over 4800 moh. Dei største områda er Yunga (500 til 2300 moh.) og Quechua (2300 til 3500 moh).
Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]
Regionen er delt inn i 9 provinsar som igjen er delt inn i til saman 128 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:
- Barranca (Barranca)
- Cajatambo (Cajatambo)
- Cañete (San Vicente de Cañete)
- Canta (Canta)
- Huaral (Huaral)
- Huarochirí (Matucana)
- Huaura (Huacho)
- Oyon (Oyon)
- Yauyos (Yauyos)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://censos2017.inei.gob.pe/redatam/; vitjingsdato: 12. juli 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Lima Region» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2008.