Lipoprotein
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d1/Chylomicron.svg/220px-Chylomicron.svg.png)
Lipoprotein er store kuleforma molekylkompleks av lipid og protein. Dei har lipiddelen, som er hydrofob, inne i kjernen av komplekset og eit eitt molekyl-tjukt lag av frie kolesterol, fosfolipid og apoprotein, som alle er hydrofile, ytst. Dette gjer dei løyselege i blodserum, slik at lipida kan fraktast gjennom blodbanane med komplekset.
Lipoprotein vert mellom anna klassifiserte etter eigenvekta si; lipoprotein med høg tettleik (HDL) og lipoprotein med låg tettleik (LDL) er to døme på slike kategoriar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«lipoprotein» av Britt Lande i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 20. desember 2016.
- Lipoproteins - nature.com