Hopp til innhald

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nasjonal sikkerheitsmyndigheit

Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.985165262
Skipa1. januar 2003
MorselskapJustis- og politidepartementet, Forsvarsdepartementet i Noreg
LandNoreg[1][2]
Adm.dir.Arne Christian Haugstøyl (2. juli 2024)[3]
Dagleg leiarArne Christian Haugstøyl[3]
Nettstadhttps://nsm.no/ (norsk)

Nasjonal sikkerheitmyndigheit (NSM) vart oppretta som eit eige direktorat under Forsvarsdepartementet 1. januar 2003. NSM skal utvikle og koordinere førebyggjande sikringstiltak og kontrollere sikkerheita i staten, fylka og kommunane i tillegg til private verksemder som arbeider med varer eller tenester til det offentlege i samband med tryggingsgraderte innkjøp. NSM skal forvalte Sikkerheitslova av 1998.

NSM har fylgande hovudoppgåver:[4]

  • Sikkerheitsstyring
  • Personellsikkerheit
  • Fysisk sikring
  • Leverandørhøve
  • Kommunikasjonssikkerheit
  • Kryptosikkerheit
  • Tilsyn
  • Metode og reiskapar for sletting av sikkerheitsgraderte data

NSM er saman med PST og E-tenesta ei av tre hemmelege tenester i Noreg, og er underlagt kontroll av Stortingets EOS-utval.[5][6] I ei av klagesakene utvalet handsama i 2017, meinte dei at «NSM på en klar og sterkt kritikkverdig måte har krenket klagerenes rettigheter».[7]

I september 2018 publiserte NSM eit kart over stader i Noreg der det var forbode å bruka droner. Dei laut tola kritikk frå mange i samband med denne publiseringa fordi dei fleste militærinstallasjonar var med på dette kartet, inkludert dei strengt løynlege. Dette kunne hjelpe framand etterretning i å få stadfest desse anlegga.[8]

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 5814, Wikidata Q7061260 
  2. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 56996, Wikidata Q7061260 
  3. 3,0 3,1 https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-direktor-i-nsm/id3040628/.
  4. «Dette er NSM - Nasjonal sikkerhetsmyndighet» (på norsk bokmål). Henta 19. april 2021. 
  5. «EOS-utvalget». Stortingets Kontrollutvalg for Etterretnings-, Overvåkings- og Sikkerhetstjeneste, EOS-Utvalget. Arkivert frå originalen 10. september 2018. Henta 10. september 2018. 
  6. Sunde, Harald (3. mai 2010). «Ingen hemmelig tjeneste». Dagbladet.no. Henta 10. september 2018. 
  7. Nasjonal Sikkerhetsmyndighet får sterk kritikk av EOS-utvalget i Verdens Gang.
  8. Topphemmelige militærbaser avslørt i Dagbladet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]