Nils Schjerven
Nils Schjerven | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. september 1883 Lardal kommune |
Død | |
Yrke | bonde, politikar |
Politisk parti | Høgre |
Nils Jakob Andreas Thisted Schjerven (3. september 1883–18. juni 1955) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lardal i Vestfold, som representerte Vestfold fylke og partiet Høgre på Stortinget 1922-27 og 1931-45. Også sonen Rolf Schjerven var i si tid stortinsgrepresentant for Høgre.
Schjerven var son til ein gardbrukar. Etter eksamen frå mellomskule i 1899, arbeidde han på Thunes mek. Værksted i Kristiania i to års tid. Sidan gjekk han landbruksskulen på Fosnes i Stokke i Vestfold. I 1905 tok han eksamen ved Bergens tekniske skule, og var ingeniør til 1912. Han tok då over farsgarden Øvre Schjerven i Lardal, i tillegg til gardsdrifta sysla han med trelasthandel og tømmermerking.
Schjerven var ordførar i Lardal herad 1919-22 og 1928-31. Han var i si tid også formann i likningsnemnda og i fattigstyret i heradet. Elles var han både styremedlem og formann i Vestfold Skogselskap.
Hausten 1921 vart Schjerven vald til stortingsmann frå Vestfold. Sidan vart han attvald i 1924, men då Høgre tapte mange mandat ved Stortingsvalet 1927, vart han verande 1. varamann i perioden 1928-30. Derimot lukkast å verte vald inn på Stortinget både i 1930, 1933 og 1936, og hadde dermed tingsete til 1945. På Tinget hadde Schjerven plass i Skog- og vassdragskomiteen 1922-27, 1931-33 og 1937-45, som nestformann 1925-27 og 1931-33. Sesjonane 1935 og -36 var han medlem i Landbrukskomiteen. I 1945 vart han utpeikt til styreformann i Noregs Hypotekbank.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Biografisk informasjon om Nils Schjerven NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1883
- Døde i 1955
- Stortingsrepresentantar for Vestfold
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar 1922-1924
- Stortingsrepresentantar 1925-1927
- Stortingsrepresentantar 1931-1933
- Stortingsrepresentantar 1934-1936
- Stortingsrepresentantar 1937-1945
- Ordførarar i Lardal
- Høgreordførarar i Vestfold
- Lardal
- Folk frå Larvik