Hopp til innhald

Orkanen Katrina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orkanen Katrina over Mexicogolfen

Orkanen Katrina var ein særs kraftig tropisk syklon som i slutten av august 2005 ramma sørlege delar av USA. Delstatane Louisiana, Mississippi og Alabama vart hardast ramma. Store delar av byen New Orleans vart overfløymde. 986 menneske i Louisiana omkom, 40 % av dei gjennom drukning. I kjølvatnet av orkanen vart også det store materielle øydeleggingar. 70 % av alle bustader i New Orleans vart skadde som følgje av orkanen, og innbyggjartalet i byen fall med over halvparten, frå 484 674 i april 2000 til eit estimert tal på 230 172 året etter, i juli 2006.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Facts for Features: Katrina Impact», The Data Center (på engelsk), henta 30. juni 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Orkanen Katrina
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.