Hopp til innhald

Semarang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Semarang

Semarang er ein storby på nordkysten av øya Java i Indonesia. Byen er den mest folkerike i Midt-Java-provinsen og hyser provinsstyresmaktene. I sjølve Semarang bur vel 2 millionar ibuarar, men over 6 millionar menneske er busett i storbyområdet. Flesteparten av ibuarane er javanesarar.

Semarang var ein viktig hamneby for Nederlandsk Ostindia. Framleis spelar byen med hamna ei viktig rolle regionalt.