Hopp til innhald

Thomasine Gyllembourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomasine Gyllembourg

Statsborgarskap Danmark
Fødd 9. november 1773
København
Død

1. juli 1856 (82 år)

Yrke skribent
Ektefelle Peter Andreas Heiberg, Carl Fredrik Ehrensvärd
Born Johan Ludvig Heiberg
Thomasine Gyllembourg på Commons
Wilhelm Marstrand, Johan Ludvig Heibergs heim, 1870, privat eige. Thomasine Gyllembourg les opp for J.L. Heiberg og kona hans. Biletet av den heibergske familine er eit historiemåleri utført fleire år etter at Gyllembourg og J.L. Heiberg var døde. På veggen er Jens Juel sitt portrett av Thomasine Gyllembourg.

Thomasine Christine Buntzen, gift Heiberg og friherreinde Gyllembourg-Ehrensvärd (9. november 17731. juli 1856) var ein dansk forfattar. Ho er nært forbunde med to andre av tidas førande forfattarar då ho i nokre år (1790-1801) var gift med P.A. Heiberg og mor til Johan Ludvig Heiberg. Ho var ein av si tids førande danske romanforfattarar. I det andre ekteskapet sitt var ho gift med friherre Carl Frederik Gyllembourg-Ehrensvärd.

Thomasine Christine Buntzen voks opp i Nyhavn i København som eldstedottera til Johan Buntzen, ein stadsmægler og dispachør[a], i det andre ekteskapet hans. Familien hadde venta seg ein son som skulle heita Thomas, så ho fekk ei kvinneleg form av namnet. Ho kom frå ein familie der intime og nære familieforhold var det viktigaste. Mora hennar døydde tidleg, og ho voks opp som yndlingsdottera til faren, ven og gåverik. Allereie som 15-åring blei ho trulova med den 30 år gamle Peter Andreas Heiberg, som var språklærar for henne og systera. 7. mai 1790 blei dei gifte på skytebanen og innretta den fyrste heimen sin i Østergade i København.[1]

Allereie i 1791 fødde Thomasine sonen Johan Ludvig. men der var ingen fortrulegheit mellom dei to ektefellane, ingen kjærleik, ingen romantikk, og ingen lidenskapeleg erotikk. Romantikken kom fyrst inn i livet til Thomasine i det andre året av ekteskapet hennar, i form av den 25 år gamle svenske baronen Carl Frederik Gyllembourg.

I heimen til Peter Andreas og Thomasine Heiberg var det alltid ope hus for fridomselskande menn som liksom Peter Andreas hylla den franske revolusjonen. Ein av dei var den svenske baronen Gyllembourg, som var i eksil fordi han var blitt innblanda i drapet på kong Gustav III i 1792. Han blei ein god venn av P.A. Heiberg, og vitja huset dagleg.

P.A. Heiberg blir landsforvist

[endre | endre wikiteksten]

P.A. Heiberg var ein særs populær forfattar i Danmark, og kritiserte den eineveldige styreforma. Han blei stadig meir skarp i kommentarane og skodespela sine. På trass av dei generelt liberale haldning styresmaktene hadde til ytringsfridom vart Heiberg stil for retten. Fallet hans var forårsaka av utanrikspolitikk og press frå dei russiske styresmaktene. Straffa hans blei landsforvising. P.A. Heiberg måtte rømma landet julaftan 1799. Fyrst drog han til Hamburg, dvs. så sør for grensa, medan Thomasine og sonen deira Johan Ludvig flytta inn til Thomasine sin far. Her blei Gyllembourg ein dagleg gjest.

Skilsmisse

[endre | endre wikiteksten]

Vennskapen imellom Thomasine og Gyllembourg blei til ein romantisk, brennande kjærleik. Thomasine ønskte å gifta seg med den ho elska så raskt som mogleg. Ho skreiv til mannen sin og bad om skilsmisse. Då P.A. Heiberg fekk brevet, braut han samen i gråt, det verka som heile verda hans var fallen i grus. Svaret til Thomasine var nei, og han gav ordre om at sonen deira skulle fjernast frå Thomasine. Ein av dei mest celebre skilsmissesakene i samtida var i gang.

Heiberg bad kongen om nåde og løyve til å venda tilbake til Danmark for å ta seg av sonen sin. Svaret var nei, nettopp på grunn av den iverksette skilsmissa. Heiberg såg aldri Danmark igjen. I desember 1801 blei skilsmissa gjeven, og Thomasine blei kort tid seinare gift som Thomasine Christine Gyllembourg. Heiberg gav opp håpet om å venda tilbake, og slo seg ned i Paris.

Familien Gyllembourg

[endre | endre wikiteksten]

Heiberg var borte, og livet vart vanskeleg. Familien Gyllembourg hadde ingen pengar og flytta tilbake til Thomasine sin far, som ignorerte svigersonen, men forguda barnebarnet sitt. Mange venner var oppskaka over Thomasine sitt krav om skilsmisse, som dei fann grusamt med tankar på Heiberg sine kår i eksil.

Thomasine og den nye mannen hennar prøvde å bu på garden Ruhedal ved Gyrstinge på Sjælland. Ho prøvde at bli ei god bondekone, og han å dyrka jorda, sjølv om han var meir teoretikar enn praktikar, meir agronom enn bonde. Somrane var vakre, men vintrane var einsame og mørke. Thomasine forfall til depresjonar, og lengta sterkt etter sonen.

Etter at Ruhedal brann ned, vende dei tilbake til byen. Dei flytta inn hjå familien hennar att og prøvde å finna ein måte å leva på. Heimen til familien Gyllembourg blei raskt ein samlingsstad for mange av dei store mennene på denne tida, og for svensk og dansk adel. I København vendte Johan Ludvig tilbake til mor si, sjølv om Heiberg rasa i Frankrike. Gyllembourg fekk ikkje en jobb som kunne hjelpa familien. Han døydde i 1815, og Thomasine måtte no leva som «einsleg mor» og lærar for å overleve. Dette var på mange måtar ei vanskeleg tid som sette klare spor i dei seinare skriftene hennar. Johan Ludvig vart student og byrja verksemda si som forfattar. Han vitja faren sin i Paris, og fekk i stand ein avtale mellom foreldra sine slik at dei tok opp att brevkorrespondanse, men dei såg aldri kvarandre igjen.

I 1822 blei sonen utnemnd til professor i Kiel, og mora flytta med han. Dei vende tilbake til København i 1825.[2]

Litterær debut som 53-åring

[endre | endre wikiteksten]

I 1827 byrja Johan Ludvig gje ut det litterære bladet Københavns flyvende Post. Då han ein dag mangla materiale til bladet, sa Thomasine Gyllembourg: «Gid eg kunne hjelpa deg.» Svaret frå Ludvig kom straks: «Det kunne du godt, om du ville.» Same kvelden skreiv Thomasine «Brev fra en Løjtnant til Redaktionen af den flyvende Post».

Thomasine Gyllembourg var 53 år då ho byrja forfattarskapen sin. Ho skreiv i 20 år og fekk gitt ut 24 forteljingar på i alt rundt 3000 sider. I motsetnad til andre forfattarar i samtida skreiv ho om emne frå dagleglivet.[3] Gyllembourg heldt strengt på anonymiteten sin, sjølv om det fort blei kjent kven som hadde skrive desse romanane,[4] som ho kalla «Hverdags-historier».[4] Forteljingane til Thomasine Gyllembourg gjev eit bilde av livet på 1800-talet. Sjølv om ho var tilbakehalden med identiteten sin var ho stadig ei rebelsk kvinne, og blei no ein av dei fyrste kvinnelege forfattarane i Danmark, den fyrste kommersielle suksessen og den fyrste dansken bestseljar-forfattaren. Madame de Staël hadde med romanane sine skapt omgrepet bestseljar, og Thomasine Gyllembourg følgde etter. Søren Kierkegaard var begeistra for prosaen hennar. Han skilde seg klart frå den til Knud Lyne Rahbek, ved evna si til å skildra kva som helst og kven som helst med innleving. Der Rahbek ikkje kunne få personane sine edle nokk, var ho fascinert av særskildheiten til individa. I dette minnar ho om Jane Austen. Skilnaden mellom tidlegare tider og samtida er eit gjennomgåande tema. I motsetnad til Jane Austen har Gyllembourg vanskeleg ved å skildra menn frå innsida, dei er ofte stive og sære. Kvinnefigurane er mykje meir vellykka. Sjølv om tekstane hennar kan oppfattast som «gammeldagse i teknikk og tone», kan dei seiast å innføra «realisme i romankunsten på romantikkens tid» gjennom at dei tek opp problem og er prega av psykologisk realisme.[5]

Til Gyllembourgs prosa reknar ein også breva ho skreiv til P. A. Heiberg etter separasjonen og forvisinga hans. Ho diskuterer ekteskap, kjærleik, skilsmisse og moderskap – og gir lesaren eit sjeldan innblikk i kva som føregjekk i salongane i samtida. Breva er modne og moderne. Ein kan takka svigerdottera hennar Johanne Luise Heiberg for at dei overhovudet er kjend i dag. Frue Heiberg gav ut brevsamlinga på 1880-talet.

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Per Olov Enquist sitt skodespel Från regnormarnas liv frå 1981 skildrar forholdet mellom Gyllenbourg og Heilberg. Anne Marie Ejrnæs sin roman Som Svalen frå 2002 er ei historisk roman om Thomasine Gyllembourg.[6]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Familien Polonius (1827)
  • En Hverdags-Historie (1828)
  • Den magiske Nøgle (1830)
  • Kong Hjort (1830)
  • Slægtskab og Djævelskab (1830)
  • Den lille Karen (1830)
  • Sproglæreren. Skuespil (1831)
  • Magt og List. Skuespil (1831)
  • Fregatskibet Svanen. Skuespil (1831)
  • Drøm og Virkelighed (1833)
  • Mesalliance (1833)
  • De Forlovede. Skuespil (1834)
  • Findeløn (1834)
  • De lyse Nætter (1834)
  • Ægtestand (1835)
  • En Episode (1835)
  • Extremerne (1835)
  • Jøden (1836)
  • Hvidkappen (1836)
  • Montanus den Yngre (1837)
  • Nisida (1837)
  • Maria (1839)
  • Een i Alle (1840)
  • Nær og fjern (1841)
  • Jens Drabelig (1841)
  • En Brevvexling (1843)
  • Korsveien (1844)
  • Castor og Pollux (1844)
  • To Tidsaldre (1845)
  1. Ein dispachør er einkvan som undersøker omstenda ved havari
  1. Gyllembourg, 1845 s 233
  2.  Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eigeChisholm, Hugh, red. (1911). «Gyllembourg-Ehrensvärd, Thomasine Christine, Baroness». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 12 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 751. 
  3. (Skafte Hakon, en kvinde gør oprør) ?
  4. 4,0 4,1 Gyllembourg, 1845 s 236
  5. «Thomasine Christine Gyllembourg». Store norske leksikon (på norsk). 18. juni 2024. 
  6. «Som svanen». Gyldendal (på dansk). Henta 21. januar 2018. 

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Johanne Luise Heiberg, Peter Andreas Heiberg og Thomasine Gyllembourg – en beretning støttet paa efterladte breve, 1882, 4. gennemsete udgave med tillæg og oplysninger ved Aage Friis og Just Rahbek, 1947. Bind 1-2
  • Elisabeth Hude, Thomasine Gyllembourg og hverdagshistorierne, Rosenkilde og Baggers forlag 1951.
  • Henning Fenger, Familjen Heiberg : Peter Andreas Heiberg, Fru Gyllembourg, Johan Ludvig Heiberg og fru Heiberg, Museum Tusculanum, 1992. ISBN 87-7289-173-4.
  • Klaus P. Mortensen, Thomasines oprør, Gad, 2002 (1. udg., 1986). ISBN 87-12-03946-2.
  • Anne Marie Ejrnæs: Som svalen. 1986. Roman.
  • Maria Helleberg: Thomasines frihed. 2015. Roman.