Vaskemaskin
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/39/12kg_%EC%9A%A9%EB%9F%89_%E2%80%98%ED%8A%B8%EB%A1%AC_%EC%84%B8%ED%83%81%EA%B8%B0_%EC%94%BD%ED%81%90%E2%80%99_%EC%B6%9C%EC%8B%9C_-_50395243093.jpg/220px-12kg_%EC%9A%A9%EB%9F%89_%E2%80%98%ED%8A%B8%EB%A1%AC_%EC%84%B8%ED%83%81%EA%B8%B0_%EC%94%BD%ED%81%90%E2%80%99_%EC%B6%9C%EC%8B%9C_-_50395243093.jpg)
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/31/Continuous_Washer.jpg/220px-Continuous_Washer.jpg)
Vaskemaskin er ein type kvitevare utforma for å vaska klede. Den vanlegaste typen vaskemaskin (for hushald) brukar vatn, vaskemiddel og eventuelt tøymjuknar til dette. Den første vaskemaskina ein kjenner til blei bygd i 1851, men ein serieproduserte ikkje slike maskinar før på 1920-talet. Vaskemaskinar til hushaldsbruk blei vanlege i norske heimar etter andre verdskrigen.
Industrielle vaskemaskinar blir brukte i industrien og er gjerne større og meir kompliserte enn dei til hushald. Ein kan bruka dei både til å vaska tøy og andre typar artiklar.
Hygiene[endre | endre wikiteksten]
For å oppnå eit tilstrekkeleg hygienenivå (termisk desinfeksjon) når ein vaskar tekstilar som blir nytta på kjøkken, har Mattilsynet gjeve føring om å nytta eit program med ein temperatur på minimum 65 °C. I praksis tyder det ofte 95 °C då mange vaskemaskiner ikkje har temperaturinnstillingar mellom 60 og 95 °C.[1]
Montering[endre | endre wikiteksten]
I motsetnad til oppvaskmaskinar har dei fleste klesvaskemaskinar ikkje vasslås. Dei fleste forsikringsselskap krev difor at klesvaskemaskinar skal monterast på våtrom for å unngå vasskade i romma dersom det skulle oppstå ein feil med klesvaskemaskinen.
Brannfare[endre | endre wikiteksten]
Både vaskemaskinar og oppvaskmaskinar inneheld mykje brennbart materiale, og det blir ikkje rådd til å setja dei i gang utan at ein er heime og våken.[2][3][4] Det kan oppstå eksplosive brannar som kan forårsaka husbrann, sjølv om vaskemaskinen står på eit rom der golv, vegger og tak er dekte med betong eller gips.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Ikke nok å være god kokk». Henta 02.01.2020.
- ↑ «Brannstatistikk 2016 Tall fra rapporteringsløsningen (BRIS) fra brann- og redningsvesenet til DSB» (PDF).
- ↑ «Håkon kom hjem til vaskemaskin i full fyr» (på norsk bokmål). Henta 5. desember 2021.
- ↑ «Unngå brann i elektriske apparater | Sikkerhverdag». Henta 5. desember 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Vaskemaskin» frå Wikipedia på bokmål, den 3. januar 2022.