Vesterheim
Utsjånad
Vesterheim, The National Norwegian-American Museum & Heritage Center er eit norsk-amerikansk museum og kultursenter i Decorah i Iowa. Det blei skipa i 1877. Samlinga omfattar over 33 000 gjenstandar og 12 historiske bygningar. Senteret har også skule, bibliotek og arkiv.[1]
Ein av initiativtakarane til museet var historikaren Knut Gjerset.[2]
Bygningar
[endre | endre wikiteksten]![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c0/BethaniaLutheranChurchVesterheim.jpg/220px-BethaniaLutheranChurchVesterheim.jpg)
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e4/MillerStovewoodHouse.jpg/220px-MillerStovewoodHouse.jpg)
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f7/StovewoodWall.jpg/220px-StovewoodWall.jpg)
- ei restaurert kornmølle, Painter-Bernatz Mill
- stove med husmannsplassarkitektur, Haugan House
- eit hus flytta frå Øystre Slidre, Valdres House
- «Vedkubbe-huset», The Stovewood House eller Norris Miller House. Veggene er i stor grad bygde av vedkubbar og mørtel.
- ei luthersk kyrkje, Bethania Lutheran Church
- Ei tømmerhytte med tilknyting til teologen Ulrik Vilhelm Koren. Egge-Koren House vart bygd i 1852 av Eirik Egge søraust for Decorah. Koren budde i hytta den fyrste vinteren han var i USA.[treng kjelde] Han blei seinare leiar for Den norske Synode.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «About», vesterheim.org (på engelsk), henta 5. februar 2019
- ↑ «Knut Gjerset». Store norske leksikon (på norsk). 3. april 2017.
- ↑ Gulliksen, Øyvind T. (28. september 2014). «Ulrik Vilhelm Koren». Norsk biografisk leksikon (på norsk).