Hopp til innhald

Viareggio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viareggio
by
Land  Italia
Region Toscana
Provins Lucca
Areal 32,42 km²
Folketal 60 579  (1. januar 2023)
Borgarmeister Marco Marcucci
Postnummer 55049, 55048
Retningsnummer 0584
Kart
Viareggio
43°52′02″N 10°15′02″E / 43.8672392°N 10.2506055°E / 43.8672392; 10.2506055
Wikimedia Commons: Viareggio

Viareggio er ein by i provinsen Lucca i regionen Toscana i Italia med om lag 65 000 innbyggjarar.

Han ligg ved kysten av Tyrrenhavet i området kalla Versilia og er den nest største byen i provinsen.

Han er kjend som ein feriestad og for karnevalet i Viareggio (som har ei historie tilbake til 1873).

Byen har røter tilbake til første halvdel av 1500-talet då han vart den einaste hamna i Republikken Lucca. Den eldste bygningen i Viareggio er Torre Matilde og vart bygd av folk frå Lucca i 1541 som eit forsvarsverk mot sjørøvarar.

Viareggio er eit aktivt industri- og produksjonssenter der skipsbyggarindustrien lenge har vore kjend over heile verda. I tillegg er fiske og blomsterdyrking viktige næringar.

Det har lenge vore rivalisering mellom Viareggio og Lucca og innbyggjarane i Lucca kallar Viareggio for Marina di Lucca («Hamna til Lucca»). På den andre sida har innbyggjarane i Viareggio skrive songar som gjer narr av naboane sine i Lucca.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Viareggio